Friluftsliv

Mange opplevingar kan du finne fram til på eiga hand, eller du kan delta på ein organisert tur.
Her finn du tips til fjellturar sommar som vinter, sentrumsnære vandreturar, sykkelruter og fiskeplassar.

fjell

Ettermiddagstur, lengre fottur, tinderangel frå topp til topp eller ein overgangstur frå dal til dal. Her er moglegheitene mange!

fjord

Om du likar deg over eller under vannskorpa er det fleire alternativ for deg i Sykkylven. Strandliv, padletur eller båtliv i hamna.

sykkel

I Sykkylven er det fint å sykle. Om det er offroad frå fjell til fjord, langs fine fjellvatn, langs fjorden eller på pumptrackbana.

fiske

Vi har mange gode fiskeplassar langs Sykkylvsfjorden, i lakseelver og i fjellvatn. Her kan du prøve fiskelykka.

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.