Personvern
Personopplysingar er opplysningar som kan koplast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysingar, men også anna informasjon som kan knytast til deg meir indirekte.
I denne personvernerklæringa gjer vi greie for kva personopplysingar vi er behandlingsansvarlege for.
Sykkylven Næringsutvikling er behandlingsansvarleg for alle personopplysingar der vi bestemmer føremålet med behandlinga.
Dersom du har spørsmål om denne personvernerklæringa eller vurderingane vi har gjort, kan du kontakte oss på asne@skaparglede.no.
Personopplysningar og samtykke
Vi behandlar i hovudsak opplysningar om deg i desse tilfella:
· Du har sendt oss ein førespurnad
· Du har besøkt heimesida vår
Besøk på våre nettsider
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plassert på datamaskina/telefonen din når du lastar ned ei nettside. Nokre av kapslane trengst for at tenestene på nettsida skal fungere. Vi brukar også ei statistikkløysing slik at vi kan tilpasse og betre informasjonen på nettsida.
Sykkylven Næringsutvikloing brukar Google Analytics til å samle inn statistikk om besøkande og deira brukarmønster på nettsidene våre. Google Analytics Demographics gir oss også anonymisert demografidata for besøkande til nettsidene. Google har eigne retningslinjer for personvern, og informasjonen dei mottek, er underlagte Google sine retningslinjer.
Viss du ikkje ønskjer at vi skal lagre informasjonskapslar (cookies) på PC/nettbrett/telefonen din, kan du sjølv endre innstillingane for dette i nettlesaren din. Ver merksam på at mange nettsider ikkje vil fungere optimalt om du gjer dette.