Shopping
I vår trivelige handlegate finn du det du treng til hytte og heim, og fleire nisje klesbutikker. Ta en pust i bakken, mens unga leiker i Kyrkjeparken, besøk ein av våre koselege kaféar eller nyt ein stille stund på biblioteket.
Skin Tonic
Ta turen til Edel med crew på Skin Tonic! Her finn du alt frå parfymer og sminke, til hudpleie og helsekost m.m. Fine gåver både til deg sjølv og andre.
ringo sykkylven
Treng du eit nytt spel på hytta? Eller ny Lego, fargestifter, dukker, aktivitetsbøker, utkledningskle eller noko anna gøy? Ringo er samlokalisert med Skohjørnet og har mykje kjekt til både inne- og uteleik.
skohjørnet
Sko og vesker til ei kvar anledning! Linda er fotterapeut og ekspert på gode sko, så spør ho gjerne om kva ho anbefalar.
Sport 1 Focus Sport
Ein innhaldsrik sportsbutikk for den eventyrlystne! Ekspedisjon, topptur, el-sykkel, fiske, disc golf eller kanskje berre ei ny jakke til søndagsturen? - Focus Sport har utvalet og gir deg gjerne råd for ditt neste kjøp.
Jernia B.S. Aure - avd. Jernvare
Handle til hytte, hus eller hage? Hjå Jernia finn du det meste enten det er plenfrø, skruar, arbeidskle eller postkasse du er ute etter.
Jernia B.S. Aure - avd. Farge
Oppussing eller vedlikehold av hus eller hytte? Ta turen til Jernia avd. Farge for utstyr, råd og veiledning. Her finn du alt du treng til ditt neste maleprosjekt!
Jernia B.S. Aure - avd. Kjøkken
Noko du manglar til kjøkkenet eller spiseplassen? Rett over vegen frå jernvare og farge, finn du også kjøkkenavdelinga til Jernia. Her finn du det meste til baking, servering, grilling, sopptur, vasking, oppbevaring og oppgradering med nytt sengetøy m.m.
Frøken Larsen
Er du på utkikk etter elegante, kvardagslige eller tøffe damekle er dette butikken for deg! Her finn du også badetøy og undertøy i ulike størrelsar. Har merker som Soyaconsept, Isay, Zavanna og Trofé.
Silhuett
Finn ditt neste antrekk på Silhuett! Mykje fine kle og tilbehør til både unge og vaksne damer. Her finn du eit godt utval frå Selected Fremme, b.young, Soaked in Luxury og fleire andre merkevare.
DIS kaffebar & workspace
Hadde gjort seg med kvalitetskaffe på hytta? Ta turen innom Therese og Tim på DIS - ein stemningsfull, urban kaffebar med god atmosfære, spesialkaffe og salgsavdeling med bønner fra norske brenneri, te, bøker etc. Ligg i 3. etg. med utsikt over sentrum.
intersport sykkylven
Med gode kle og utstyr blir trim- eller fjellturen mykje trivlegare. Her finn du alt du treng til trening og aktiv fritid.
Kiwi Sykkylven
Kåre Atle og gjengen på Kiwi Sykkylven møtar deg med smil og god service kvar dag. Moglegheit for Vipps-betaling.
Bunnpris Ikornnes
Daglegvarebutikk på Ikornnes mulighet for VIPPS-betaling og nettbutikk med Click & Collect. Har også slush og kaffebu. Like ved Ekornes Marina og friluftsbadet.
Bunnpris Straumgjerde
Daglegvarebutikk i Straumgjerde, med ei eiga lita avdeling med leiker, garn og ymse til hus og heim. Mulighet for VIPPS-betaling.
Utforsk Sunnmøre
I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.