Opplevingar

Ta turen til Sykkylven i sommer! Opplev storslått natur med familie og vener. Her finn du alt ifrå klatrepark, friluftsbad og sauna, til besøksgard, minigolf og museum.

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Aktivitetar

Fjølg sauna

Nyt den fine utsikta med gode vener. Ta eit forfriskande bad i sjøen etter ein dag i fjellet, og finn roa i varmen frå saunaen. Fjølg sauna finn du i Sykkylven småbåthamn.
Aktivitetar

Minigolf i Hundeidvik

I Hundeidvik finn du Noregs nest største Minigolfanlegg, ved Hundeidvik klatrepark. Ei minigolf bane med 18 hol utforma som ei golfbane i miniatyr, med stiar, sitje- og grillplassar. Bana er open heile døgnet, med sjølvbetjening. Vipps-betaling.
Aktivitetar

Hundeidvik Arena

Her finn du klatrevegg, buldrevegg, squash hall, trimrom og fotballbane. Ope heile døgnet og sjølvbetjent. Vippsbetaling.
Gardsturisme

Blakstad gard

På Blakstad gard kan du treffe dyr som villsau, gjess, høns og hest med meir. På låven er det gjerne sal av vafler og saft. Er du historieinteressert, finn du ei grav frå vikingtida nede ved sjøen. Gjennom Blakstad Event har dei òg ymse arrangement og utleige av låven.
Aktivitetar

Gapahukar i Sykkylven

Gapahuk finn du mellom anna på tur rundt Sæssvatna, på Ekornessætra, Utgårdsstølen og ved klatreparken i Hundeidvik, Koparverket i Ramstaddal og Fetvatnet i Straumgjerde. God tur!
Kultur og historie

Sykkylven bibliotek

I Sykkylven Bibliotek kan store og små boltre seg i barn- og ungdomsavdeling, lokalhistoriekrok, stille lesesal, sittegrupper og i “skravlekopp” møter. Du kan mellom anna lese tidsskrift, låne PC, eller delta på eit av mange arrangement gjennom året.
Aktivitetar

Grillhytter og grillplassar

Grillhytter finn du mellom anna i Trollskogen på Slettegjerde i Straumgjerde og ved Tuvatnet i Tusvika. Der er også grillmoglegheiter ved leikeplassen i Straumgjerde og Haugneset badestrand. Hugs! Rydd opp og slukk elden godt. Vurder grilling etter vér og forhold, sjekk for eventuelt bålforbud.
Aktivitetar

Discgolf i Velledalen

Frisbeegolf har blitt veldig populært for både ungdom og vaksne, med appen UDisc. Velledalen diskgolfpark strekk seg over eit større område rundt skulen i Velledalen. Obs at delar av bana er stengt i barnehage- og skuletid.
Aktivitetar

Discgolf på Slettegjerde

Ved Slettegjerde stadion i Straumgjerde kan du finne ei discgolf øvingsbane med 6 korger. Her kan du også parkere for å gå ein tur langs det idylliske Fetvatnet.
Gardsturisme

Sølmongården

På garden blir du ønska velkomen av Natalie Bøe, og store og små får helse på alt frå høner og påfugl til hest gris og kaniner. Garden er ein “Inn på tunet” gard og har også utleige av kajakk og eit sel på fjellet.
Kultur og historie

Gravrøyser på Ørsneset

På Aursneset i Sykkylven finn du ei av dei største samlingane av store gravrøyser. Funn visar at dei kan vere frå eldre bronsealder (3500 år), men ein kan ikkje utelukke at dei kan vere frå eldre jarnalder (ca. 300-550 e.Kr.). Der er seks slike gravrøyser i dette området.
Aktivitetar

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra

På Fjellseter i Sykkylven finn du eit alpinanlegg i eit naturskjønt område, med eit komplett familietilbod. Skiarenaen har 14 alpintrasear, 35 km med oppkjørte langrennsspor, og flotte områder for snøbrett og leik i snøen. Varmestue, restaurant, skiutleige og 5 heiser.
Kultur og historie

Naturmuseet

Naturmuseet i Sykkylven visar korleis plantar, dyr og fuglar, skapar ein fantastisk mosaikk i det storslåtte naturlandskapet vårt. Du får sjå korleis vi menneske til alle tider har påverka naturen vi lev i og er avhengige av. Museet er samlokalisert med møbelmuseet og har diverse aktivitetar gjennom året, som “Naturkafé”, rebus m.m.
Kultur og historie

Møbelmuseet

Møbelmuseet i Sykkylven fortel den eventyrlege historia om korleis Sunnmøre vart eit kraftsenter for møbelindustri, med kundar over heile verda. Dette er ei historie om gründerånd og skaparkraft, og om store endringar i små lokalsamfunn. I 2024 opnar den nye utstillinga SOFA, om sofaens utvikling gjennom 100 år.
Gardsturisme

Brennevinsgrova

Harald Strømmegjerde ønskjer velkomen til Brennevinsgrova på garden i Straumgjerde, kor han vil fortelje om produksjon av gin og akevitt med bruk av gode lokale råvarer som brevatn og lokale urter. Gruppebestilling.
Kultur og historie

Galleri Cylindra

I Galleri Cylindra inviterast du med på ei reise - i grenseland mellom funksjonalitet og kreativ leik. Dei unike, verdskjende Cylindra produkta, er designa av industridesignar Peter Opsvik, og hentar inspirasjon frå Vest-Noregs natur og menneska sitt kreative følelsesliv.
Aktivitetar

Kyststien Sykkylven

Ei fin rute langs vegen med sjøutsikt. Første strekket er på plass, og du kan no finne kjekke små infoskilt langs ruta som går frå Aursnes, via gamlevegen i byggefeltet og vidare inn forbi Sykkylven sentrum.
Aktivitetar

Fjordcruise til Sykkylven

På tur til Sykkylven kan du vere så heldig å få oppleve eit fjordcruise med ferje frå Magerholm. Om ferjeturen ikkje er kvardagskost for deg, har du noko å sjå fram til. Kjøp deg ei svele i den sjølvbetjente kiosken og ta turen opp på dekk for å nyte utsikta med vinden i håret!
Aktivitetar

Ikornnes friluftsbad

Besøk Ikornnes friluftsbad for sommaridyll i sjøkanten, med oppvarma basseng og utsikt over Sykkylvsfjorden! Der er eit stort badebasseng, to barnebasseng, kiosk og garderober. Friluftsbadet ligg rett ved Ekornes Marina og Promenaden Mat og Vinhus.
Aktivitetar

Pumptrack på Aure

Like ved Sykkylven VGS finn du ei pumptrackbane til ope bruk for små og store syklistar. Her kan ein ha mykje moro!
Kultur og historie

Bronsealderhuset

På Auremarka er der gjort funn av gardshus heilt tilbake frå yngre bronsealder, 700-600 år før vår tidsrekning. Bronsealderhuset er ei autentisk gjenskaping av eit slikt gardshus, med kokegrop og historisk sjarm, bygd på dugnad av kulturforeininga Aura-Påls vener.
Aktivitetar

Andesafari ved Sæssvatna

Ta turen rundt Sæssvatna og kom tett på naturen. Her kan du slå av ein prat med dei lokale endene, rusle og nyte fuglekvitter frå skogen, pause ved ein gapahuk, eller suse avgårde på sykkeltur. Start turen frå Jarnes eller skogsvegen på Ikornnes. Grusveg og sti rundt vatna.
Aktivitetar

Sandvolleyballbane og utegym i sentrum

Sandvolleyballbane og utandørs trimapparat. Området har også benkar og grillmoglegheiter, rett ved sjøfronten i sentrum.
Parkar

Leikeplassen i kyrkjeparken

La barna boltre seg i den populære kyrkjeparken i Sykkylven sentrum, med klatrestativ, dissestativ og sjørøverskip m.m.
Parkar

Lysholparken

Like ved fotobutikken Lyshol i Sykkylven sentrum, finn du også Lysholparken. Dette er eit lite parkområde med benkar, statuer og historiske fotografi av menneskjer og møblar.
Parkar

Straumen utsiktspunkt

Oppover mot Fetvatnet ved lakseelva Straumen i Straumgjerde, kan du finne eit nydeleg utsiktspunkt med sitteplassar. Daglegvare, bruktbutikk og leikeplass med sandvolleyballbane, utandørs gym og grillmoglegheiter finst også i nærområdet.
Aktivitetar

Haugneset badestrand

Nyt varme sommardagar i populære Haugnesbukta! Familievennleg, kvit badestrand med skjellsand og tilgang til toalett.
Aktivitetar

Klatreparken i Hundeidvik

Tilrettelagt for store og små, frå 2 år. Også med Barnas bondegård, sjørøverskute, elektriske lastebilar og traktorar, gravemaskiner, gullgraving, crosskartar og kiosk.
Parkar

Straumgjerdeparken

Like ved brua og lakseelva Straumen i Straumgjerde, finn du ein nydeleg boltreplass for store og små. Her er både leikeplass, utandørs treningsapparat, sandvolleyballbane og grill. Ta med heile familien på fisketur - her er noko for alle!
Parkar

Utstillingsparken - Berliparken

Ved Berlihuset på "toppen av sentrum" er der fleire glasmontera med utstillingar frå lokale bedrifter, som skiftast ut med jamne mellomrom. La gjerne rusleturen fortsette vidare til Humlestien, på toppen like bak Berlihuset.
Aktivitetar

Leikerom på Pizzabakeren

På Pizzabakeren i Sykkylven finst eit svært populært leikerom, til stor glede for dei yngre pizzaglade gjestane - sjeldan er barna meir tålmodig når dei ventar på maten!
Parkar

Gangsti rundt Haugneset

Frå Sykkylven legesenter kan du følgje stien ned mot sjøen og ta turen rundt Haugneset. Dette er ein kort og fin tur med fleire utsiktspunkt utover fjorden. Vidare kan du gå forbi Haugneset badestrand, opp mot vegen og tilbake via Humlestien på Berlihaugen. Også tilgjengleg for rullestolbrukarar.
Aktivitetar

Sentrumsnære turmål

Lyst til å oppleve naturen til fots frå Sykkylven sentrum? Då kan vi til dømes anbefale ein tur til Aurenakken, Kambane, Vassætra eller Sandvikhornet. Er du heller ute etter ein rusletur i lavere terreng kan Haugneset, Humlestien eller Aursneset eller by på fin natur og sjøutsikt.
Aktivitetar

Hjortesafari i Ramstaddal

Hjorten kan du sjå fleire plassar i Sykkylven, men turen til idylliske Ramstaddal vil vi likevel anbefale. Køyr i skumringstimen og opplev kombinasjonen av kveldsro og spenning for når hjorten kjem fram på markane. Sørg for å ha med ein passasjer som kan speide!
Kultur og historie

Historie i sentrumsgatene

Er du litt oppmerksom når du går i sentrum kan du finne plankettar på forskjellige fasader, med historia til dei forskjellige bygningane. Har du vore i Sykkylven tidlegare, bringer det kanskje fram gode gamle minner?
Aktivitetar

Orientering usynlig-O

Orienteringsappen Usynlig-O er eit gratistilbod som alle kan nytte seg av, og den er også fin for nybegynnarar. Appen nyttar GPS og vibrerar når du finn postane. I Sykkylven har vi fleire løyper i sentrumsområdet.
Parkar

Leikeplassen ved Sykkylven sjøfront

Rett ved Eurospar i Sykkylven er der ein kjekk leikeplass med sitjebenkar, sjøutsikt og varierte leiker. Her finn du sklie, disse, vippeleike, sandkasse og snurrende tallerken.
Aktivitetar

Bade i fjellvatn

Hadde gjort seg med en dupp i ferskvatn? Då kan vi anbefale Nysetervatnet eller kulp på Fjellsetra, evt. Andestadvatnet på vei mot Ramstaddal. Her kan du òg ta med eige SUP-brett, kajakk el.l.
Parkar

Humlestien på Berlihaugen

På Berlihaugen finn du benkar, blomsterkasser og informasjonsskilt om pollinerande insekt, med særleg fokus på humler. Eit fint område for både humler og oss på to bein. Her kan du nyte summinga av glade humler og utsikta over Sykkylvsfjorden.
Aktivitetar

Hengekøyetur

I Sykkylven fins det fleire fine plassar ein kan overnatte i hengekøye både langs sjøen og på fjellet. Langs sjøen: Straumen (Straumgjerde), Aursnesoddane, Skagen (Aursneset), Vellingsneset (Hundeidvik), Velledalen, Ramstaddal. På fjellet: Kambane, Velleseter, Fjellsætra, Aurenakken
Kultur og historie

Arkitektur i sentrum

Vandrande rundt i Aure sentrum i Sykkylven kan du sjå både fargerike fasadar og variert arkitektur frå forskjellige tidsepoker. Sjå deg litt ekstra om neste gong du er på shopping i sentrumsgatene og oppdag sentrum på nytt!
Aktivitetar

Geitesafari i Sykkylven

Gjennom sommaren er det ofte fleire no-fence geiter å treffe på ulike turmål i Sykkylven. Geitene flyttast til nye områder gjennom sommaren, så turmål kan vere eit sjansespel når det kjem til geitesafari. I 2023 var dei mellom anna å treffe på Haugneset og ved Tuvatnet. Kjekt! Hugs også å ha respekt for dyra.
Kultur og historie

Fornfunn på Auremarka

Auremarka kan vere eit skattekammer for dei historieinteresserte. På Aurefløten i Sykkylven har fornfunna ei dokumentert busetjing på minst 4000 år. Funn av pilespissar visar og at steinaldarmenneskje dreiv jakt i dette området for over 9000 år sidan.
Aktivitetar

Velledalen symjehall

Symjehallen byr på oppvarma basseng, badstu, kaffe og saft, og er open haust, vinter og vår. Bassenget finn du i underetg. til grendahuset i Velledalen.

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.