gul kajakk på blikkstilt fjordvatn med snødekte fjell og gard i bakgrunnen
barn i raud jakke ziplar mellom tre i skogen
båtar ved strandkanten, blikkstilt vatn og fjell i bakgrunnen
person på fjelltopp ser ut over fjord og fjell i solnedgang

Innfallsporten til Sunnmørsalpane

Sykkylven er kanskje det vakreste av alle Sunnmøres landskaper. Hva som betinger dette, er ikke noe enkelt – ikke fjorden – ikke fjellene, ikke breene, ikke dalen, – men alt dette i forening, den harmoniske blanding av det storartede med det smilende.

Kva skjer?

Kalenderen

Sommar som vinter kan du delta på ulike arrangement i Sykkylven, alt frå lesestund for dei minste på biblioteket til actionfylt Jibbecamp på Fjellsætra. Bli med på det som skjer!

Sjå heile kalenderen
  1. Utstilling: Møre designteam – fra 1970 til i dag
    Anna

    Utstilling: Møre designteam – fra 1970 til i dag

    Velkommen til møbelhistorisk utstilling på Berlihuset i Sykkylven! Inngang: Voksne kr 150,–. Barn under 16 år gratis.

    Kyrkjevegen 67, 6230 Sykkylven

    Kart
  2. Sykkylvsdagane 2026
    Anna

    Sykkylvsdagane 2026

    Sykkylvsdagane - festdagar i Sykkylven! Her skjer det mykje artig for alle aldera gjennom veka.

    Sykkylven

    Kart
  3. Bilde av to damer med solbriller, smilende på ei scene i teltet
    Anna

    Moteshow

    Bli med på visning av vårens mote frå dei lokale butikkane våre, frå kl. 19 i teltet på kaikanten. Nydelige Aina er konferansier, og byr også i år på latter og god stemning. Sal av kaker og kaffe & lodd på inngangsbilletten. Billettkjøp ved inngang: Vaksne 100kr, barn gratis

    I teltet på kaikanten

    Kart
  4. Bilde frå tidlegare quiz i teltet, med teksten "er ditt lag dei nye bygdameisterane?"
    Anna

    Bygdameisterskap i Quiz

    Bli med på Bygdameisterskap i Quiz i teltet ved kaitrappa! Her blir det god stemning og konkurranse for å kåre dei skarpaste hovuda. Meld på lag på 4-6 personar i TIKKIO, inngang 200,- per deltakar betalast i døra. Fredag 12. juni frå kl. 19

    Teltet på kaia, Sykkylven sentrum

    Kart

Forteljingar

Forteljingane om oss

Det er mykje vi kan fortelje om Sykkylven. Landskapet og folka kan opne opp forteljingar om notida, fortida og framtida. Sjå kva som formar Sykkylven til det vi er, her.

  1. Snøkledd fjellkjede med brear, grøn skog og røde hus i dalen frå-nedan

    Fjellriket

    velkomen inn i fjellriket

    Sykkylven er utgangspunkt for mange fjellturar i Sunnmørsalpane. Karakteristiske Straumshornet (976 moh) ser du allereie på ferja på veg frå Ålesund. Råna (1586 moh) er vår høgaste fjelltopp. Frå Brunstad i Velledalen går det sti til Slogen (1564 moh) i Ørsta, også kalt «Sunnmørsdronninga».

  2. Industrianlegg ved fjord med fjell i bakgrunnen, båtar ved kai, bustader på høgre side

    Industrieventyret

    Møbelhovudstad og teknologisenter

    Over hundre møbelfabrikkar voks fram i kjellerlokale og enkle fabrikk-bygningar før og etter 2. verdskrig, og vart etterkvart ei viktig næring i landbruksbygda Sykkylven. Handverk og industriproduksjon fekk sitt gjennombrot i 1929, og på 40- og 50-talet var det godt og vel 120 møbel-bedrifter her. I dag er Ekornes den største møbelprodusenten i Norden, og kan produsere heile 1700 Stresslessar på éin dag med høg grad av robotisering. Bli med på ei historisk reise på Møbelmuseet, eller sjå møbelkunst på Galleri Cylindra.

  3. Stille fjord med små båtar, setrer og fjell i bakgrunnen

    Grendeperlene

    Små grender, store opplevingar

    I Hundeidvik finn du klatrepark for dei minste og ei innandørs klatrevegg. Eller kva med ein dukkert i oppvarma friluftsbad på Ikornnes? I Tusvika kan du sjå Peder Opsvik sine kunstmøblar, eller du kan freiste fiskelykka frå kaia og besøke landhandlaren i Ramstaddalen. I Velledalen kan du spele disc-golf under høge snøkledde tindar. Fjellsetra er utgangspunkt for fine fjellturar, sommar som vinter.

  4. Sentrumsgate med handelsbygningar, parkeringa og fjell i bakgrunnen

    Sykkylven sentrum

    Koseleg handlegate

    Sykkylven sentrum, Aure, har fleire nisjebutikkar for kle- og mote, sportsbutikkar, byggevarer, interiør, glas- og steintøy, vinmonopol, apotek, frisørar mm. - alt i gangavstand som i eit frilufts-kjøpesenter. Kanskje det kan freiste med ei pause i Kyrkjeparken, på ein kafé eller biblioteket?

  5. Snøkledd fjellkjede med brear, grøn skog og røde hus i dalen frå-nedan

    Fjellsætra

    fjellsætra

    Eit populært rekreasjonsområde kun 20 minutter biltur frå Sykkylven og Stranda, med 700 hytter rundt Nysætervatnet midt i Sunnmørsalpane. Fine turmoglegheiter sommar som vinter, med Sunnmørsalpane Skiarena for alpinistar, turgåarar og topptur entusiastar. Nærbutikk i Velledalen nås på knappe 10 minutter.

Regionen

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.

mann står på fjelltopp og ser ut over fjellkjede med snø og skyer