Mat & drikke

I Sykkylven kan du nyte eit godt måltid i ein av våre restaurantar eller kafear. Her finn du også fleire kioskar om du vil ha noe godt i farta.

Restaurant Raus

Ein restaurant med fokus på lokal og kortreiset matglede. Ein stad for familien, lunsj med kollegaer eller ei øl med vener. Lokalisert ved Sykkylven Småbåthamn like ved sjøkanten.

DIS Kaffebar

Spesialkaffebar med kaffe fra Norges fremste brennerier. Serverer frokost, lunsj og hjemmebakte kaker. Her kan du ta med hjemmekontoret, leie møterom, oppleve konserter, eller nyte et glass vin til sentrums flotteste utsikt.

Sol Café

Ein liten og koseleg café med eit variert utval av gode, enkle lunsjretter og bakverk. Har også variert kaffe og softis. Ein populær møtestad for å nyte god mat og sosialt samvær. Lokalisert i Sykkylven sentrum.

Bellami

Ein italiensk restaurant kor du kan nyte eit smakfullt måltid i ei roleg og god atmosfære. Restauranten er lokalisert i Sykkylven sentrum.

Pizzabakeren Sykkylven

Ein liten pizzeria med bredt utval av pizza. Du kan nyte pizzaen i caféen eller som takeaway. Eiga leikeavdeling for borna. Lokalisert i Sykkylven sentrum.

Promenaden Mat & Vinhus

Ein tradisjonell restaurant med norsk tradisjonsmat og den velkjente fredags biffen. Nyt eit godt måltid like ved sjøkanten, lokalisert på Ekornes Marina.

Huset

Ein koseleg liten café med sal av enkle gode lunsjrettar og kaker. Ein fin møteplass i Sykkylven sentrum.

Aursnes Kiosk

Dei har ein stor og variert meny, og ikkje minst bygda sin største kuleisdisk med heile 16 ulike sortar. Ein samlingsstad for alle, lokalisert på Aursnes ferjekai.

Kaikiosken

Dei er kjent for sine gode nysteikte smultringar, her kan du også få kjøpt deg iskaffe/kaffe. Lokalisert like ved sjøkanten i Sykkylven sentrum.

Cirkle K Sykkylven

Dei har eit godt utval av mat, her kan du også fylle på kaffekoppen din. Lokalisert på Vik.

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.