Fiske

Visste du at Nord-Europas kortaste lakseelv ligg i Sykkylven? Straumen i Straumgjerde er berre nokre hundre meter lang, men er rekna som ei god lakseelv.

Straumen renn ut frå Fetvatnet og ut i Sykkylvsfjorden, og er ein del av Fetvassdraget. Her er det fiska laks på heile 16,5 kg. Men, dei fleste ligg på 3-6 kg. Fiskesonen nedst i elva er reservert for flugefiskarar. Velledalselva som óg er ein del av Fetvassdraget er velegna for einhandsfiske med flugestang, elles er makk og sluk mest nytta. Fin elv med mykje smålaks, men også fine mellomlaksar.

Fetvatnet er ein populær fiskeplass, her har ein moglegheit for fiske frå båt eller land. Du kan fiske laks og aure frå 15. juni til 31. juli, men det er kvotebelagt fangst per kort og fiskar.

Aureelva har ei ca. 4 kilometer lakseførande strekning. Det er ei typisk flaumelv med godt fiske i dei fleste holene når det har kome godt med regn og det er mykje vatn i elva. Flugesone i øvste delen i siste halvdel av august.

elveguiden.no  finn du fiskereglar og får kjøpt fiskekort for flugefiske, slukfiske og anna, og kan sjå både kart og fangstrapportar for både Fetvassdraget og Aureelva.


I Sykkylvsfjorden og Storfjorden kan du fiske frå båt eller frå land, og her er mange gode fiskeplassar. Fleire av fiskeartane kjem i sesongar. Har du fiskelykka med deg kan både torsk, kveite, lange, brosme, hyse, makrell, sei, lyr og flyndre bite på kroken. Krabbefiske er det heile året, medan hummar kun kan fiskast med godkjende hummarteiner mellom 1. oktober og 31. desember.

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.