Sykkelruter

Sommaren 2023 fekk Sykkylven vist seg fram frå si beste side på NRK Sykkelsommer. Det er ikkje kvar dag syklistar vert ønskja velkommen til eit storslått Sunmørsk kakebord, men du vil sjå at her er fint å sykle. Sjølvsagt, sykkel i Sykkylven rimar jo.

Med landevegssykkel eller offroad finn du fleire alternativ til dømes på Bikemap. Appar som Strava viser både lengde og høgdeprofilar på innlagde ruter. Eldsjeler i Sykkylven sykkelklubb har laga pumptrackbaner, rydda skogsløyper og arrangerer ritt for både store og små.

Kombiner gjerne ein sykkeltur i Sykkylven med ei fergetur over fjorden og eit enda større mangfald av turmoglegheiter, til dømes ein sykkeltur innover Hjørundfjorden.

Sjå klipp frå Sykkelsommer og planlegg sykkelruta di her:

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.