Fjellturar

Om du ikkje er høgderedd og har god balanse er ein fottur opp til Straushornet ikkje særleg krevjande. Det er ein relativt kort tur, med god utsikt over fjord og fjell. Dravlausegga som ligg rett bakom er også ein luftig tur, litt lengre og fantastisk fin å gå.

Med laus hælbinding er skituralternativa nesten ubegrensa. Auskjeret og Langfjella på Fjellsetra er mykje besøkt. Langrennsløyper finn du rundt Nysætervatnet på Fjellsetra, Sessvatnet på Ikornnes eller Vassætra opp råsene frå Fauske eller langs grusvegen opp frå Hjellane.

Skildringar og kartinformasjon til fot- og skiturar finn du her:

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.