Fjordopplevingar

Sykkylvsfjorden er ein del av Storfjorden som går frå Ålesund og heilt inn til Tafjord og Geiranger. Hjørundfjorden med innløp midt i mellom Sykkylven og Ørsta, er også ein fjordarm av Storfjorden.

Om du likar deg over eller under vannskorpa er sommaren på fjorden forfriskande. Etter ein dukkert i sjøen kan du på ein kaldversdag få varmen igjen i Fjølg Sauna i Sykkylven Småbåthamn. Haugneset er vår offentlege badestrand nær sentrum, rett nedom Sjøbakken Fjordcamping. Om du likar varmare badevatn anbefaler vi Ikornnes Friluftsbad.

På eiga kjøl, med padleåre, segl eller motor kan du kombinere sjøliv med fjellturar og andre opplevingar i våre to gjestehamnar. Men, ver merksam på straum i fjorden og vind frå høge fjell.

Forslag til ein fin padletur Vollvika og fottur opp til Yste Skotet finn du på:

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.