Skopphornet 1226 moh

Ikornnes

På Skopphornet vil du få ei spektakulær utsikt over fjell og fjord. Denne turen tek omlag 2-3 t. ein veg og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

Denne turen kan du anten starte frå Ikornnes eller frå Hundeidvik.

Vel du å gå frå Hundeidvik, tek du av opp mot Megardsdalen(bomveg). Her kan du velje å gå anten vegen eller stien, begge går til Megardsetra. Når du kjem fram til setra vil du sjå eit skilt merka med «Skopphornet 2 km». Her i frå går det sti, dei første metrane er stien noko dårleg. Når du har gått eit stykke vil du møte på ein varde og etter kvart og stien. Dersom du føl vardane oppover er det enkelt å holde seg til stien. Det vil vere ei bratt stigning i ca. 2 km til du kjem opp på toppen.

Vel du å gå frå Ikornnes startar turen på toppen av byggjefeltet Grautåsen på Ikornnes, for å kome dit følg du FV 60 frå sentrum, tek til høgre når du kjem til Sykkylvsbrua, tek til venstre i rundkøyringa, for deretter å ta til høgre opp til byggjefeltet på Ikornnes, følg vegen til endes. Her er mogelegheit for parkering. Første delen av vegen er grusveg, deretter viser det eit skilt til Kalddalsstølen der går vegen over til sti. Når du kjem fram til stølen er der eit lite vatn, du må krysse elva til høgre og følgje stien vidare innover dalen. Jamn stigning oppover til det bratte partiet byrjar ved oppstigning av fjellet.

Referanse: ut.no