Ikornnes Friluftsbad

Ikornnes Friluftsbad finn du like i nærleiken av Ekornes Marina, her er 3 basseng med ein temepratur på ca. 28 grader, dei sel både is, brus, pølse i brød, sjokolade og kaffi i kiosken. For opningstider besøk vår heimeside her

Badestrender/ badeplassar

I Sykkylven finn du mange fine badestrender/badeplassar både langs sjø og vatn:

Bading i sjø:

  • Haugneset badestrand
  • Badestranda ved Sykkylven Småbåthamn
  • Hundeidvik badestrand
  • Aursnesoddane badestrand

Bading i ferskvatn:

  • Lisjesanden ved Fetvatnet
  • Nysætervatnet på Fjellsætra
  • Langenesvatnet i Straumgjerde
  • Andestadvatnet

Sykkel i Sykkylven

Sykkylven

I Sykkylven finn du mange fine alternativ for sykkelturar, i terreng eller langs landeveg. Det er fint for både små og store, for rolege turar eller meir krevjande turar. Du kan kombinere sykkelturen med fjordcruise mellom Magerholm og Aursneset, mellom Hundeidvik og Festøya og over til Solavågen, om du ikkje ønskjer lengre tur over Strandafjellet. Ved Ikornnes kan du vitje eit herleg oppvarma symjebasseng, hjå Berit og Karl på Blakstad Gard kan du ta ein kaffi- og ispause og la barna kose med dyra der, og hjå Kjellbjørn på Cylindra får du oppleve kunstdesign av Noregs framste møbeldesignar Peter Opsvik. I tillegg har du mange gode kafé- og restauranttilbod langs vegen.

Hengekøyeplassar

I Sykkylven fins det fleire fine plassar ein kan overnatte i hengekøye både langs sjø og på fjellet.

Hengekøyeplassar langs sjøen:

  • Skagen 
  • Aursnesoddane
  • Straumen i Straumgjerde
  • Vellingsneset i Hundeidvik
  • Velledalen

Hengekøyeplassar på fjellet:

  • Kambane ikkje langt i frå sentrum
  • Velleseter i Velledalen
  • Fjellsætra
  • Aurenakken

Sandvolleyballbane

Like i nærleiken av sentrum rett ved Sykkylvsfjorden ligg det ei volleyballbane som alle fritt kan nytte.

Usynlig-O (orientering)

Usynlig-O er ein gratis app kor ein kan finne orienteringskart og orienteringsløyper i heile verda. I appen finn ein løyper ein har lyst å springe og ein printer ut kart sjølv. I Sykkylven er det Usynlig-O løyper på Aure og frå Myrdalssætra. Ein aktiverer mobilen når ein står på start og ved kvar post piper mobilen (ingen fysiske poster). Ein får fanfare når ein kjem i mål og kan sjå tida ein har brukt i løypa. 

For orienteringsløyper sjå her

Frisbeegolf i Velldalen

Velledalen

I Velledalen er det kome på plass ei heilt ny frisbeegolf bane. Bana har heile 18 korger, og som i golf er det om å gjere å ha minst mogeleg poeng når ein er ferdig med spelet. Ved å laste ned ein app so har du oversikt over baner, der du kan legge inn poeng på kvar runde. Dette er ein kjekk sport som passar dei aller fleste.

Sølmongården

Straumgjerde

På Sølmongården i Straumgjerde kan ein booke gardsbesøk, der born og unge får helse på alle dyra som bur der. Dei kan skreddersy tilbod som passar deg og dine, med alt frå ridetimar, til klapp og mating av smådyr.

Besøk vår nettside her

Blakstad Gard

Ikornnes

Blakstad Gard er ein besøksgard, og dei inviterar små og store til gardsbesøk. Her får du oppleve ein nydeleg natur med mange forskjellige dyr og fuglar. Du kan få ri på hest eller ta deg ein tur i smia å prøve deg som smed, du kan og teste kor treffsikker du er på bogeskyting. Er du av dei historieinteresserte er der ei grav nede ved sjøen frå vikingtida. Du kan også få vere med på fôringsrunden om morgonen.

I den koselege låven ligg alt til rette for at du kan kose deg med vaflar, kaker, pølser, kaffi og brus. 

Velkomen skal du vere til eit hyggeleg gardsbesøk!

Humlestien på Berlihaugen

På Berlihaugen i Sykkylven har kommunen i samarbeid med elevar hjå Sykkylven Vidaregåande Skule laga ein humlesti, blomsterkassene ligg fint til langs stien opp til Berlihaugen. Etterkvart vil det verte sett ut benkar slik at ein kan lytte til dei summande insekta som er på leit etter nektar. Blomsterkassene inneheld blomar som er humlevenlege, og det vil kome informasjonskilt om polinerande insekt med spesiell fokus på humlar. Pollinatorer og pollinering spelar ei viktig rolle i økosystema våre og for matproduksjon, og sidan mange av insekta er ført opp som raudlista vil ein humlesti som dette vere med på å bevare humlebestanden.

Fjølg Sauna

Sykkylven Småbåthamn

Ei varm oppleving i hjartet av Sunnmørsalpane

Nyt vakker utsikt saman med gode venner midt mellom fjord og fjell. Ta turen innom etter ein dag i fjellet, kast deg ut i eit forfriskande bad i sjøen, og finn roa i den deilige varmen frå saunaen.

Booking her

Velkomen

Naturmuseet

Sykkylven

Utstillinga "Mosaikk" opna i 2016 og viser mangfaldet i natur, dyre- og fugleliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre. 

Møbelmuseet

Sykkylven

Sunnmøre har vore eit tyngdepunkt i norsk møbelindustri gjennom hundre år. Møbelmuseet gir deg historia frå handfletta korgmøblar og fram til dagens robotproduserte kvilestolar.

Galleri Cylindra

I møbelhovudstaden Sykkylven, blant ville fjell og vakre fjordar, ligg Galleri Cylindra idyllisk til heilt nede ved sjøen, med ei fantastisk utsikt utover Storfjorden. På Galleri Cylindra inviterast du til å verte med på ei reise i grenseland mellom funksjonalitet og kreativ leikenheit. Dei unike Cylindra-produkta - designa av Peter Opsvik - er verdenskjente og hentar inspirasjon både fra vest-Norges natur og menneska sitt kreative følelsesliv. Opsvik er ein norsk industridesignar, og er blant anna kjent for innovative og ergonomiske stolar, som Tripp Trapp, Balans og Nomi, men også for dei flotte Cylindra-skåpa.

Besøk nettsida vår her

Facebook

Opningstider kvardagar frå 10.00–16.00

Laurdag og søndag etter avtale

Sykkylven Kunstgalleri

Aure sentrum

Kunstnaren Olav Harald Ulstein opna Sykkylven Kunstgalleri i 2002. Olav har sitt atelier i galleriet, som du finn midt i Aure sentrum i Sykkylven.

Kyststien Sykkylven

Langs kyststien i Sykkylven som startar frå Aursnes ferjekai og endar på øvre Tynes kan du oppleve mange fine naturperler, og er historieforteljaren til bygda, 30 skilt om lokal historie er sett opp. Langs vegen kan du nyte både utsikt, ta deg ein kvil og kome tett på omgjevnadane.  Dette er ein attraktiv turveg for både store og små.

Les meir her 

Klatrevegg og buldrevegg

Hundeidvik Arena har ein flott klatrevegg og buldrevegg. Klatreveggen er 12 meter høg med eit maksimalt overheng på 4 meter. Veggen har i alt 12 toppanker og 27 ruter i forskjellige vanskelegheitsgrader. Frå dei enklaste barneruter til litt større utfordringar. Den er open heile døgnet, men det krevst at ein har gjennomført eit sikkerheitskurs og har fylt ut eit fullmakt skjema før ein klatrar. Det vert arrangert jamlege klatrekurs, gå inn på: https://hundeidvik.no/klatrekurs/ . Meir info om prisar finn du på: https://hundeidvik.no/klatreklubben/

På drop-in betalar du med Vipps; Hundeidvik Arena. For å kjøpe årskort gjeng du via minidrett.no eller via e-post til klatring@hundeidvik.no

Squash hall

For dei som ynskjer å spele squash, er det tilgang på squashbane i hallen. Du kan anten booke tid ved å følgje linken: https://www.matchi.se/facilities/hilsquash , eller drop-in via Vipps.

Trimrom

Hundeidvik Arena har eit eige trimrom som er tilgjengeleg for alle. For å bruke treningsrommet kan du anten velje drop-in til kr. 100 betalt via Vipps, månadsabonnement, årsabonnement og familiemedlemskap. Eit årsabonnement gjeld i 12 månader frå den datoen ein bestiller. Aldersgrensa er 15 år. For spørsmål ta kontakt på: arena@hundeidvik.no

Auremarka

Sykkylven

Auremarka i Sykkylven kan vere eit skattekammer for dei historieinteresserte. På Aurefløten i Sykkylven har fornfunna ei dokumentert busetjing på minst 4000 år. 

Gravrøyser på Ørsneset

Ørsneset, Sykkylven

På Ørsneset i Sykkylven finn du ei av dei største samlingane av store gravrøyser, funn viser at dei kan vere frå eldre bronsealder (3500 år), men ein kan ikkje utelukke at dei kan vere frå eldre jarnalder (ca 300-550 e.Kr.). I dag er det seks slike gravrøyser i dette området.

Bronsealderhuset

Funn av pilespissar viser at steinaldermennesket dreiv jakt i dette området for 9000 år sidan. Kanskje er det 3000 - 4000  år sidan dei først sette den primitive plogen i jorda. Dei eldste gardshusa det er funne restar av, er datert til yngre bronsealder, 700 - 600 år før vår tidsrekning. Sidan den gong er det drive aktivt landbruk på denne fruktbare sletta. Gjennom yngre bronsealder, jarnalder, vikingtid, mellomalder og heilt fram til våre dagar.

Fagrefjellet 466 moh

Sykkylven

Dette er ein tur som passar for alle aldersgrupper, enkel og lett framkommeleg, her er både sti og grussti. Når du kjem opp får du ei spektakulær utsikt over fjell, fjord og øyar ut i havgapet. Denne turen tek om lag 15-20 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Vassætra 462 moh

Sykkylven

Dette er ein fin tur som passar for dei fleste, det er fin grusveg heilt opp. Her er eit mindre og eit større vatn som er fint å bade i på varme sommardagar. Når du kjem opp får du ei fantastisk utsikt over fjell, fjord, og øyar ut i havgapet. Denne turen tek om lag 40 min opp og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Sessvatnet 168 moh

Ikornnes

Dette er eit idyllisk område, og ein fin tur på for store og små. Denne turen tek om lag 45 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Aurenakken 404 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Aurenakken vil du få ei nydeleg utsikt over fjorden og øyar ute i havgapet. Denne turen tek omlag 30-40 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Hovdeåsen 369 moh

Hundeidvik

Hovdeåsen finn du i Hundeidvik, når du kjem opp på toppen vil du verte belønna med ei fantastisk utsikt utover fjorden og øyane ute i havgapet. Denne turen tek omlag 30-60 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Tynesfjellet 452 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Tynesfjellet vil du få ei nydeleg utsikt over Sunnmørsalpane i bakkant, fjord og øyar ute i havgapet. Det tek om lag 1-2 t. å gå opp, denne turen kan kategoriserast som ein middels tur.

Brunstadkollen 847 moh

Velledalen

Dette er ein fantastisk fin og idyllisk plass, her har det vorte bygd ei turhytte som kan brukast av alle, kontakt Arnt Brunstad på tlf. 92648130 eller Hege Brunstad på tlf. 91310068 dersom det er ønskeleg. Her har du og utgangspunkt for å gå lengre turar i dei majestetiske Sunnmørsalpane. Turen opp tek om lag 1.5 t. opp og kan kategoriserast som ein middels tur.

Stavekollen 637 moh

Ikornnes

Dette er ein flott tur både for vaksne og born, og du får ei spektakulær utsikt over Sykkylvsfjella og fjorden. Denne turen tek om lag 1,5 t og er ein middels krevjande tur.

Borgundkollen 782 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Borgundkollen vi du verte belønna med ei fantastisk utsikt. Denne turen tek omlag 1,5-2 t. og kan kategoriserast som ein middels tur.

Roaldshornet 1230 moh

Stranda

Når du kjem opp på Roaldshornet vil du få ei nydeleg utsikt innover mot Storfjorden og mot Stranda. Det tek omlag 3. t å gå opp og den vert kategorisert som ein middels krevjande tur.

Rømerhornet 866 moh

Sykkylven

Dette er ein flott tur som kan anbefalast, det er variert terreng og du får ei fantastisk utsikt over Sykkylven og andre kommunar når du kjem opp på toppen. Her er ingen luftige parti og kan kategoriserast som ein middels krevjande tur og tek omlag 1,5 - 2 t. å gå opp.

Sandvikshornet 876 moh

Sykkylven

Sandvikshornet er ein flott tur som kan anbefalast, her er det først grusveg og deretter går det over til fin sti heilt opp, ingen luftige parti, men du får ei spektakulær utsikt utover Sunnmørsalpane, fjordar og øyar ute i havgapet. Denne turen tek omlag 2-3 t. opp og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

Dravlausnykjen 1056 moh

Velledalen

Dette er ein tur som kan anbefalast, her er nokre luftige parti men du vil få ei fantastisk utsikt over Sykkylvsfjella og fjordane. Denne turen tek om lag 3 t. å gå opp og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

Trollkyrkja 1233 moh

Velledalen

Når du kjem opp på Trollkyrkja vil du få ei spektakulær utsikt ut over Sunnmørsalpane, den er ansett for å vere ein krevjande tur med mange luftige parti, og det tek om lag 4 t. å gå opp.

Aurdalsnibba 1126 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Aurdalsnibba vert du belønna med ei spektakulær utsikt over Sunnmørsalpane, fjordar og øyar ute i havgapet. Dette er ein krevjande tur, men ingen luftige parti, so dette kan og vere ein fin tur for aktive born. Denne turen tek om lag 2-3 t opp.

Skopphornet 1226 moh

Ikornnes

På Skopphornet vil du få ei spektakulær utsikt over fjell og fjord. Denne turen tek omlag 2-3 t. ein veg og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

Gimsdalstinden 1007 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på toppen av Gimsdalstinden er det ganske luftig, men du får ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane, fjord og øyar ute i havgapet. Dette er ein krevjande tur og det tek om lag 2,5 - 3,5 t. å gå opp.

Revsdalshornet 1006 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Revsdalshornet vil du få ei fin utsikt over Sunnmørsalpane. Dette er ein krevjande tur og oppstiginga tek om lag 2,5-3,5 t.

Straumshornet 976 moh

Straumgjerde

Når du kjem opp på Straumshornet vert du belønna med ei fantastisk utsikt over fjell og fjord. Dette er ein krevjande tur med fleire luftige parti, og ein bør vise aktsemd på denne turen, og alltid følgje råsa på baksida av fjellet. Det er anbefalt å ha gode sko, der er parti der stien kan vere noko glatt. Ver observant på at det det kan førekome lause steinar i stien. Denne turen tek om lag 2,5-3,5 t.

Ytstevasshornet 1330 moh

Velledalen

Når du kjem opp på Ytstevasshornet vil du få ei spektakulær utsikt over Sunnmørsalpane, fjorden og øyane ute i havgapet. Dette er ein ganske krevjande tur og det tek om lag 3-4 t å gå opp.

Straumen

Elva Straumen som er kjent for å vere Nord-Europas kortaste lakseelv finn du i Straumgjerde, den renn frå Fetvatnet og ut i Sykkylvsfjorden. Den største laksen som har vorte fanga i Straumen var på heile 16,5 kg, men dei fleste ligg på rundt 3-6 kg. I området er det laga til ein fin park med både benkar og bord som ein fritt kan nytte. Dersom ein ynskjer å fiske i Staumen må ein kjøpe fiskekort.

Kjøp fiskekort her

Aureelva

Aureelva er kjent for å ha godt fiske i nedbørsrike somrar, det er ei typisk flaumelv og når det er god vannføring i elva kan ein forvente fisk i dei fleste holene. Den er heile 3,5 kilometer og den strekk seg frå Andestadvatnet og ned i Aureosen like ved Sykkylven kyrkje. Fiskesesongen i elva varer frå 01.06-31.08.2022 og er open for fiske mellom kl. 05.00- kl. 23.00.

Eit fiskekort gjeld i ein tidsperiode på 6 timar:
1. tidsperiode: kl. 05.00 - 11.00
2. tidsperiode: kl. 11.00 - 17.00
3. tidsperiode: kl. 17.00 - 23.00

Kjøp fiskekort her

Fetvatnet

Fetvatnet er ein populær fiskeplass, her har ein moglegheit for å fiske frå båt eller frå land. 

Fiskereglar i Fetvassdraget

  • Laks og ørret: 15. juni til 31. juli

Ein held fram med kvoter på fiske som i 2021:

  • Maks 2 laks over 1 kilo pr. kort
  • Maks 10 laks over 1 kg pr. fiskar pr. år.
  • For grunneigarar gjeld maks 10 laks over 1 kg. for kvart bruk for sesongen.

Kjøp fiskekort her

Velledalselva

Velledalselva er velegna for einhandsfiske med flugestang, elles er makk og sluk mest nytta. Fin elv med mykje smålaks, men også fine mellomlaksar.

Kjøp fiskekort her

Fiske i Sykkylvsfjorden-Storfjorden

I Sykkylvsfjorden-Storfjorden kan du fiske frå båt eller frå land, her er mange gode fiskeplassar. Fleire av fiskeartane kjem i sesongar, du kan få torsk, kveite, lange, brosme, hyse, makrell, sei, lyr, flyndre m.m i fjorden. Ein kan også fiske krabbar heile året, mens hummar kan fiskast med godkjente hummerteiner i eit begrensa tidsrom frå 1. oktober til 31. desember.

Frøysagarden

Ramstaddal

Spesialitetane til Frøysagarden er cognacmarinert gravlaks, varmrøykt krydderlaks, og einerøykt laks. Her lagar dei også spekjepølse på gamlemåten, av hjort, villsau og svin. Her får du kjøpt egg frå frie, glade høner, og saueskinn av villsau.

Brennevinsgrova

Straumgjerde

Handverksproduksjon av gin med råstoff og smakar frå Sunnmøre. I Harald Strømmegjerde sitt micro-destilleri kan du få omvising og smake på dei heilt nyutvikla drammane.

Sykkylven kulturskule

Velkommen til Sykkylven kulturskule

Sykkylven kulturskule er ein kommunal kunstskule med musikk, dans, teater og visuell kunst.

Skulen vart oppretta i 1978 og  har i dag 13 lærarar og omlag 250 elevar.  Størsteparten av undervisninga er på Sykkylven kulturhus.

Skulen gir også tilbodet «Blås i skulen» til alle  3.klassingane i grunnskulen.

Du kan søke plass gjennom heile skuleåret, og vi set deg på venteliste til det dukkar opp ein ledig elevplass.

Søknadsskjema her

Straumen utsiktspunkt

Ved elva Straumen er der eit fint utsiktspunkt, her får du god utsikt over dei majestetiske Sunnmørsalpane og Fetvatnet. Her er ein fin rasteplass der du kan nyte naturen og elvesusen rundt deg. Like ved, rett over brua har du tilgang til sandvolleybane, klatrestativ, badeplass og grillplass.

Sunnmørsalpane Skiarena

Nysætervegen

På Fjellseter i Sykkylven finn du vårt alpinanlegg i eit naturskjønt område, med eit komplett familietilbod. Skiarenaen har 14 alpintrasear, 35 km med oppkjørte langrennsspor, og flotte områder for snøbrett og leik i snøen. Varmestue, restaurant, skiutleige og 5 heiser. Som en del av den storslåtte naturen på Sunnmøre, byr kanskje Fjellseter på den vakraste og mest tilrettelagte naturopplevinga av dei alle. Her kan du boltre deg i rikt monn av det beste Sunnmøre har å by på!

Fjellturar på ski

Sykkylven

I dei majestetiske Sunnmørsalpane er det fleire fine turar du kan bestige på ski.

Stikk UT turar på ski

Stikk UT! Ski er gratis og passar for dei aller fleste. Finn fram skia og nyt vinteren ute. Turbeskrivelse og på løyper.net finn du løypekart med  informasjon om kor tid løypene sist blei tråkka. 

For turmål sjå her

Irsk aften med Vangsgutane 13. april på Sykkylven Kulturhus

Laurdag 13. april kl.21.00 vert det irsk aften med Vangsgutane på Sykkylven Kulturhus. Det er hovudsakeleg folkrock frå Irland og dei britiske øyane som utgjer hovuddelen av repertoaret.

Kjøp billett her

Konsert med Grieg og Chopin - to musikalske brødre 20. april på Sykkylven Kulturhus

Det vert konsert med Grieg og Chopin - to musikalske brødre den 20. april kl. 18.00.

Den polske stjernepianisten Grieg Niemczuk har gjesta oss fleire gongar tidlegare, kvar gong med stor suksess. Denne gongen med Grieg og Chopin på repertoaret.

I første del får publikum anledning til å sammenligne Grieg og Chopins to "Sommerfugl"-nokturner og ikkje minst dansar inspirert av folkemusikk – blant dei Griegs populære norske folkedansar op. 17 og op. 35 samt dei vakraste masurkaene av Chopin.

I andre del får vi høyre dei to musikalske mesterverka: "Sørgemarsj-sonaten" av Chopin og den fantastiske klaversonaten op. 7 av Grieg. Dette vert ein vakker kveld fylt med polsk og norsk musikk uttrykt i Griegs og Chopins musikalske brorskap - formidla av ein av verdas mest fremragande klavervirtuoser.

Kjøp billett her

Skohjørnet

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen til en triveleg handel hos oss😊

Besøk vår nettside her

Silhuett Sykkylven

Silhuett AS er en trendy klesbutikk midt i sentrum av sykkylven, her kan du handle i rolige og trivelige omgivelser med god service

Opningstider:

Måndag-onsdag: kl. 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkommen innom oss for en hyggelig handel!

Besøk vår nettside her

Frk. Larsen

Er du på utkikk etter elegante, kvardagslige eller tøffe Dameklær er dette butikken for deg. Vi har også ei stor undertøysavdeling.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen!

Besøk vår nettside her

Strømme Klær & Sko

Opningstider:

Måndag-onsdag:10.00 - 17.00

Torsdag-fredag: 10.00 - 18.00

Laurdag:10.00 - 15.00

Har mykje fint i butikken no.

Velkomen innom.

Besøk vår nettside her

Intersport Sykkylven

Opningstider:

Mandag-onsdag: 9-17

Torsdag-fredag: 9-18

Lørdag: 9-15

Sjekk utvalget vårt her

Velkommen til oss for en trygg og hyggelig handel.

Smått & Stort

Stort utval i bruktkle, tilbehør m.m.

Eit nytt strikkeprosjekt? Det finn du og hos oss.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen!

Besøk nettsida vår her 

Asbjørn Loland a.s

Gullsmedbutikk med godt utvalg av smykker, klokker og gåver.

Velkomen til oss.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Besøk vår nettside her

Fotograf P.P Lyshol

Opningstider:

Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10.00-17.00

Torsdag: 10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Besøk vår nettside her

Skin Tonic Sykkylven

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Besøk nettsida vår her

Welle Blomster & Gaver

Opningstider:

Mandag - fredag: 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen!

Husk at du også kan besøke oss på nettsidene våre www.welleblomster.no og www.inboas.no.

Vitusapotek Sykkylven

Vårt apotek i Sykkylven formidler faglig kunnskap til deg på en trygg og god måte, enten ved å bidra til å lege sykdom, forebygge helseproblemer eller øke personlig velvære.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 09:00-17:00

Torsdag-fredag: 09.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkommen!

Jernia B.S. Aure

Opningstider 🌿

Jernvareavdeling:    

Mandag-onsdag: 07.00-17.00 

Torsdag-fredag:  07.00-18.00

Laurdag:            07.00-15.00

Fargeavdeling:          

Mandag-onsdag: 07.30-17.00

Torsdag-fredag:  07.30-18.00

Laurdag:            09.00-15.00

Kjøkkenavdeling:     

Mandag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00                      

Laurdag:            10.00-15.00

Kjøkken:  70254013                                                                                                                                                                          Jernvare: 70254010                                                                                                                                                                              Farge:     70254019

Focus Sport

Åpningstider:

Mandag-onsdag: kl. 10.00-17.00

Torsdag-fredag: 10.00-18.00

Lørdag: 10.00-15.00

Kommer du ikke gjennom på telefonen?

Send tekstmelding til:
Power: 92049902
Focussport: 48144398

Mali Profil

Vi holder butikken delvis stengt (sjå oppslag på døra), men du er velkommen til å handle i nettbutikken vår, eller ta gjerne kontakt på tlf. eller mail for en handel eller forespørsel.

Vi har fine gavealternativ og klær og tekstiler for profilering, og vi leverer gjerne heim her i bygda v/behov.

Takk for at du handler lokalt.

Mail: post@maliprofil.no 

Tlf. 90088024

www.maliprofil.no

Sykkylven Kulturhus

Sykkylven kulturhus er heile Sykkylven si storstue, og rommar alt fra kino til konserter, teater, dansearrangement, bryllup og bursdagsfeiring. Hjarteleg velkomen til oss!

DIS Kaffebar & Workspace

DIS Kaffebar & Workspace er ein kaffebar med kaffe fra Jacu Brenneri i Ålesund. Dei tilbyr god frukost og lunsj som er enkel å ta med.

Besøk vår nettside her

Sol Café

Nyopna kafé midt i sentrum av Sykkylven. Her finn du god kaffe og noko godt å bite i. 

Sjekk ut vår facebookside her

Velkommen innom! 

Pizzabakeren

Sykkylven

Pizzabakeren i Sykkylven sentrum.

Besøk vår nettside her

Aursnes Kiosk

Sykkylven

Aursnes kiosk finn du ved ferjeleiet på Aursneset. Dei har ein stor og variert meny, og ikkje minst bygdas største kuleisdisk med heile 16 ulike sortar. Her finn du eit hyggeleg lokale kor du kan nyte eit godt måltid. Ein samlingsstad for alle med tilgang til Shuffelboard.

Meny finn du her

Promenaden Mat og Vinhus

Restauranten Promenaden Mat og Vinhus ligg like ved Ekornes Marina. Her ligg alt til rette for ein fantastisk matopplevelse rett ved sjøkanten.

Besøk vår nettside her

Tlf.nr: 476 58 868 

Velkomen skal du vere! 

Restaurant Raus AS

Sykkylven

Restaurant ved småbåthamna i Sykkylven. Ein samlingsstad for lokale og tilreisande. Med fokus på lokal og kortreist matglede, ein stad å ete med familien, ei øl med venar eller ein lunsjprat med kollegaer. Ein ujålete, ekte og triveleg stad midt i Sunnmørsalpane

Besøk vår nettside her

Bella Mi

Sykkylven

Italiensk restaurant og pizzeria i Sykkylven sentrum.

Besøk vår nettside her

Aursnes Hotell og Fjordstuer

Aursneset

Aursnes Hotell er eit koseleg bed & breakfast hotell som ligg på Aursnes, ca 3 km frå Sykkylven sentrum. Hotellet har god standard og rom i mange storleikar, alt frå vanlege enkeltrom til små leilegheiter/suiter.

Sunnmørsalpane Hytteutleige

Fjellsetra

Sunnmørsalpane Hytteutleige leiger ut 6 leilegheiter på Fjellsetra, plassert vakkert til nært skitrekket rett ved Nysætervatnet, og 4 leilegheiter ved Strandafjellet Skisenter. Totalt 43 sengeplassar på Fjellsetra og 32 sengeplassar på Strandafjellet. I tillegg har dei avtalar med fleire hytteeigarar i området, og kan totalt tilby nærmare 80 sengeplassar til leige i Sunnmørsalpane. 

Sjøbakken Camping

Vik

Sjøbakken Camping er eit godt og rimeleg boalternativ sentralt plassert i hjartet av Sunnmøre. Du finn oss omlag 1,5 kilometer syd for Aure sentrum i Sykkylven kommune.

Aursnes Fjordstuer

Sykkylven Småbåthavn

Fine hytter til utleie ved Sykkylven Småbåthavn, gåavstand til sentrum

Fjellsætra

På Fjellsætra i Sykkylven som ligg 20 minutt frå sentrum har dei tilbod om pakering for bubil. I dette området ligg alt til rette for eit fint opphald med naturen rett utanfor døra. 

Sykkylven småbåthamn

På Sykkylven småbåthamn med gåavstand til sentrum har dei 8 bubilplassar, her ligg alt til rette for et koselig opphald ved sjøen. Her er sanitæranlegg med alle fasilitetar, badestrand, grillplass og like i nærleiken finn du Restaurant Raus.

Sjøbakken Camping

Sjøbakken Camping ligg idyllisk til på Vik 1,5 km frå sentrum, her er parkering både for campingvogner og bubilar. 

Sykkylven Småbåthamn

Ved Sykkylven Småbåthamn er der ca 20 gjesteplasser og 8 bobilplassar. Dei tilbyr eit flott servicebygg med toalett/dusj, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, ferskvatn og straum.  Du har og restaurant like i nærleiken.

Meir informasjon om Sykkylven Småbåthamn

Ekornes Marina

På Ekornes Marina finn du eit flott anlegg med gjestebrygge, bistro, utendørs badeanlegg og butikk rett i nærleiken.

Meir informasjon om Ekornes Marina 

Storfjordterminalen

På kaiområdet i Sykkylven like ved sentrum er det mogeleg for større båtar å legge til. 

I Sentrum av Sykkylven
på Kaitrappa, 39 m betongkai,
dybde frå N (1 1,6)-11,
6-10,6- 12,6-11,6-(11,6)m

Utsrusta med molegheiter
for straumtilkopling.

Vatnforsyning på forespørsel.

Besøk vår nettside her

Tømmerkaia Aursneset

På Aursneset, ligg
Sykkylven Havneterminal
med 44 m betongkai, dybde frå NW (9,7)-9,4-9,7-8,7-(9,0) m

Utsrusta med moglegheiter
for straumtilkopling.

Vatnforsyning på forespørsel.

Besøk våt nettside her

Kai ved Aure sentrum

Ved Haugneset ikkje langt i frå sentrum er det tilgong til å legge frå seg mindre båtar. Kaia er 8 meter lang og djupna er 10 meter.

Opplev Sykkylven vinter 2024

Idyllisk plassert mellom fjordar og fjell med Sunnmørsalpane som næraste nabo. Her kan du leve ut friluftsdraumen, og området er eit natureldorado for heile familien!

I denne brosjyra har vi samla mange av aktivitetane som er å finne i Sykkylven.

Les meir her: Opplev Sykkylven vinter 2024

Ei av Sunnmøre sine koslegaste handlegater

Aure sentrum har ei koseleg handlegate med eit godt utval av butikkar, kafear og alt som gjer handelen hyggeleg. 

Velkomen!

Aktivitetar/opplevingar

Sommeraktivitetar

Sykkylven er ei kommune som ligg midt i hjartet av Sunnmøre. Her vil du finne alle dei naturformasjonane som gjer Sykkylven attraktiv i reiselivssamanheng. Naturkontrastane er større i Sykkylven enn nokon annan stad, her finn du majestetiske tindar og flate bøar, her er kvite fossefall og Nordeuropas kortaste lakseelv, her kan du ankre opp i ei lun vik og omgje deg med naturkulissar som kan ta pusten frå den mest blaserte.

Ikornnes Friluftsbad

Ikornnes Friluftsbad finn du like i nærleiken av Ekornes Marina, her er 3 basseng med ein temepratur på ca. 28 grader, dei sel både is, brus, pølse i brød, sjokolade og kaffi i kiosken. For opningstider besøk vår heimeside her

Badestrender/ badeplassar

I Sykkylven finn du mange fine badestrender/badeplassar både langs sjø og vatn:

Bading i sjø:

  • Haugneset badestrand
  • Badestranda ved Sykkylven Småbåthamn
  • Hundeidvik badestrand
  • Aursnesoddane badestrand

Bading i ferskvatn:

  • Lisjesanden ved Fetvatnet
  • Nysætervatnet på Fjellsætra
  • Langenesvatnet i Straumgjerde
  • Andestadvatnet

Sykkel i Sykkylven

Sykkylven

I Sykkylven finn du mange fine alternativ for sykkelturar, i terreng eller langs landeveg. Det er fint for både små og store, for rolege turar eller meir krevjande turar. Du kan kombinere sykkelturen med fjordcruise mellom Magerholm og Aursneset, mellom Hundeidvik og Festøya og over til Solavågen, om du ikkje ønskjer lengre tur over Strandafjellet. Ved Ikornnes kan du vitje eit herleg oppvarma symjebasseng, hjå Berit og Karl på Blakstad Gard kan du ta ein kaffi- og ispause og la barna kose med dyra der, og hjå Kjellbjørn på Cylindra får du oppleve kunstdesign av Noregs framste møbeldesignar Peter Opsvik. I tillegg har du mange gode kafé- og restauranttilbod langs vegen.

Hengekøyeplassar

I Sykkylven fins det fleire fine plassar ein kan overnatte i hengekøye både langs sjø og på fjellet.

Hengekøyeplassar langs sjøen:

  • Skagen 
  • Aursnesoddane
  • Straumen i Straumgjerde
  • Vellingsneset i Hundeidvik
  • Velledalen

Hengekøyeplassar på fjellet:

  • Kambane ikkje langt i frå sentrum
  • Velleseter i Velledalen
  • Fjellsætra
  • Aurenakken

Hanne Sourza

Sandvolleyballbane

Like i nærleiken av sentrum rett ved Sykkylvsfjorden ligg det ei volleyballbane som alle fritt kan nytte.

Usynlig-O (orientering)

Usynlig-O er ein gratis app kor ein kan finne orienteringskart og orienteringsløyper i heile verda. I appen finn ein løyper ein har lyst å springe og ein printer ut kart sjølv. I Sykkylven er det Usynlig-O løyper på Aure og frå Myrdalssætra. Ein aktiverer mobilen når ein står på start og ved kvar post piper mobilen (ingen fysiske poster). Ein får fanfare når ein kjem i mål og kan sjå tida ein har brukt i løypa. 

For orienteringsløyper sjå her

Sølmongården

Straumgjerde

På Sølmongården i Straumgjerde kan ein booke gardsbesøk, der born og unge får helse på alle dyra som bur der. Dei kan skreddersy tilbod som passar deg og dine, med alt frå ridetimar, til klapp og mating av smådyr.

Besøk vår nettside her

Blakstad Gard

Ikornnes

Blakstad Gard er ein besøksgard, og dei inviterar små og store til gardsbesøk. Her får du oppleve ein nydeleg natur med mange forskjellige dyr og fuglar. Du kan få ri på hest eller ta deg ein tur i smia å prøve deg som smed, du kan og teste kor treffsikker du er på bogeskyting. Er du av dei historieinteresserte er der ei grav nede ved sjøen frå vikingtida. Du kan også få vere med på fôringsrunden om morgonen.

I den koselege låven ligg alt til rette for at du kan kose deg med vaflar, kaker, pølser, kaffi og brus. 

Velkomen skal du vere til eit hyggeleg gardsbesøk!

Frisbeegolf i Velldalen

Velledalen

I Velledalen er det kome på plass ei heilt ny frisbeegolf bane. Bana har heile 18 korger, og som i golf er det om å gjere å ha minst mogeleg poeng når ein er ferdig med spelet. Ved å laste ned ein app so har du oversikt over baner, der du kan legge inn poeng på kvar runde. Dette er ein kjekk sport som passar dei aller fleste.

Humlestien på Berlihaugen

På Berlihaugen i Sykkylven har kommunen i samarbeid med elevar hjå Sykkylven Vidaregåande Skule laga ein humlesti, blomsterkassene ligg fint til langs stien opp til Berlihaugen. Etterkvart vil det verte sett ut benkar slik at ein kan lytte til dei summande insekta som er på leit etter nektar. Blomsterkassene inneheld blomar som er humlevenlege, og det vil kome informasjonskilt om polinerande insekt med spesiell fokus på humlar. Pollinatorer og pollinering spelar ei viktig rolle i økosystema våre og for matproduksjon, og sidan mange av insekta er ført opp som raudlista vil ein humlesti som dette vere med på å bevare humlebestanden.

Leikeplass Kyrkjeparken

I Kyrkjeparken midt i sentrum er der ein fin leikeplass med heilt nytt klatrestativ, disser, leikebåt og benkar.

Fjølg Sauna

Kristin Fure

Fjølg Sauna

Sykkylven Småbåthamn

Ei varm oppleving i hjartet av Sunnmørsalpane

Nyt vakker utsikt saman med gode venner midt mellom fjord og fjell. Ta turen innom etter ein dag i fjellet, kast deg ut i eit forfriskande bad i sjøen, og finn roa i den deilige varmen frå saunaen.

Booking her

Velkomen

Museer/galleri

Du finn både kunstgalleri og museum i Sykkylven. Lokale kunstnarar har gjennom mange år late seg inspirere av den storfelte naturen her. Kanskje er det også det dristige og frodige landskapet som har inspirert Sykkylvingane til suksess i næringslivet. 

Naturmuseet

Sykkylven

Utstillinga "Mosaikk" opna i 2016 og viser mangfaldet i natur, dyre- og fugleliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre. 

Møbelmuseet

Sykkylven

Sunnmøre har vore eit tyngdepunkt i norsk møbelindustri gjennom hundre år. Møbelmuseet gir deg historia frå handfletta korgmøblar og fram til dagens robotproduserte kvilestolar.

Galleri Cylindra

I møbelhovudstaden Sykkylven, blant ville fjell og vakre fjordar, ligg Galleri Cylindra idyllisk til heilt nede ved sjøen, med ei fantastisk utsikt utover Storfjorden. På Galleri Cylindra inviterast du til å verte med på ei reise i grenseland mellom funksjonalitet og kreativ leikenheit. Dei unike Cylindra-produkta - designa av Peter Opsvik - er verdenskjente og hentar inspirasjon både fra vest-Norges natur og menneska sitt kreative følelsesliv. Opsvik er ein norsk industridesignar, og er blant anna kjent for innovative og ergonomiske stolar, som Tripp Trapp, Balans og Nomi, men også for dei flotte Cylindra-skåpa.

Besøk nettsida vår her

Facebook

Opningstider kvardagar frå 10.00–16.00

Laurdag og søndag etter avtale

Sykkylven Kunstgalleri

Aure sentrum

Kunstnaren Olav Harald Ulstein opna Sykkylven Kunstgalleri i 2002. Olav har sitt atelier i galleriet, som du finn midt i Aure sentrum i Sykkylven.

Kyststien Sykkylven

Langs kyststien i Sykkylven som startar frå Aursnes ferjekai og endar på øvre Tynes kan du oppleve mange fine naturperler, og er historieforteljaren til bygda, 30 skilt om lokal historie er sett opp. Langs vegen kan du nyte både utsikt, ta deg ein kvil og kome tett på omgjevnadane.  Dette er ein attraktiv turveg for både store og små. 

Kyststien Sykkylven

Langs kyststien i Sykkylven som startar frå Aursnes ferjekai og endar på øvre Tynes kan du oppleve mange fine naturperler, og er historieforteljaren til bygda, 30 skilt om lokal historie er sett opp. Langs vegen kan du nyte både utsikt, ta deg ein kvil og kome tett på omgjevnadane.  Dette er ein attraktiv turveg for både store og små.

Les meir her 

Hundeidvik Arena

Ein fantastisk idrottshall der dei besøkande kan utfordre seg sjølv på mange områder. Her har ein tilgang til klatrevegg, buldrevegg, squash hall, fotballbane og trimrom.

Hallen er open heile døgnet og betaling skjer via Vipps.

Besøk nettsida vår her

Velkomen.

Klatrevegg og buldrevegg

Hundeidvik Arena har ein flott klatrevegg og buldrevegg. Klatreveggen er 12 meter høg med eit maksimalt overheng på 4 meter. Veggen har i alt 12 toppanker og 27 ruter i forskjellige vanskelegheitsgrader. Frå dei enklaste barneruter til litt større utfordringar. Den er open heile døgnet, men det krevst at ein har gjennomført eit sikkerheitskurs og har fylt ut eit fullmakt skjema før ein klatrar. Det vert arrangert jamlege klatrekurs, gå inn på: https://hundeidvik.no/klatrekurs/ . Meir info om prisar finn du på: https://hundeidvik.no/klatreklubben/

På drop-in betalar du med Vipps; Hundeidvik Arena. For å kjøpe årskort gjeng du via minidrett.no eller via e-post til klatring@hundeidvik.no

Squash hall

For dei som ynskjer å spele squash, er det tilgang på squashbane i hallen. Du kan anten booke tid ved å følgje linken: https://www.matchi.se/facilities/hilsquash , eller drop-in via Vipps.

Trimrom

Hundeidvik Arena har eit eige trimrom som er tilgjengeleg for alle. For å bruke treningsrommet kan du anten velje drop-in til kr. 100 betalt via Vipps, månadsabonnement, årsabonnement og familiemedlemskap. Eit årsabonnement gjeld i 12 månader frå den datoen ein bestiller. Aldersgrensa er 15 år. For spørsmål ta kontakt på: arena@hundeidvik.no

Kulturhistorie

Sykkylven er kjent for si gamle og rike kulturhistorie. Det har vorte dokumentert busetnad heilt tilbake til eldre og yngre steinalder for omlag 4000-8000 år sidan. Det har og vorte gjort funn frå bronsealderen og jarnalderen. Dei funna som arkeologane har gjort, syner at Auregarden må ha vore eit sentralt område i førhistorisk tid.

Auremarka

Sykkylven

Auremarka i Sykkylven kan vere eit skattekammer for dei historieinteresserte. På Aurefløten i Sykkylven har fornfunna ei dokumentert busetjing på minst 4000 år. 

Martin Ystenes

Gravrøyser på Ørsneset

Ørsneset, Sykkylven

På Ørsneset i Sykkylven finn du ei av dei største samlingane av store gravrøyser, funn viser at dei kan vere frå eldre bronsealder (3500 år), men ein kan ikkje utelukke at dei kan vere frå eldre jarnalder (ca 300-550 e.Kr.). I dag er det seks slike gravrøyser i dette området.

Bronsealderhuset

Funn av pilespissar viser at steinaldermennesket dreiv jakt i dette området for 9000 år sidan. Kanskje er det 3000 - 4000  år sidan dei først sette den primitive plogen i jorda. Dei eldste gardshusa det er funne restar av, er datert til yngre bronsealder, 700 - 600 år før vår tidsrekning. Sidan den gong er det drive aktivt landbruk på denne fruktbare sletta. Gjennom yngre bronsealder, jarnalder, vikingtid, mellomalder og heilt fram til våre dagar.

Fjellturar

Sykkylven og Sunnmørsalpane er eit eldorado for fjellturar, og kan freiste med på alt frå enkle og korte turar til lengre og meir krevjande turar.

For fleire fjellturar med turbeskrivelsar besøk @turtausatrimbok her

William Holden

Fagrefjellet 466 moh

Sykkylven

Dette er ein tur som passar for alle aldersgrupper, enkel og lett framkommeleg, her er både sti og grussti. Når du kjem opp får du ei spektakulær utsikt over fjell, fjord og øyar ut i havgapet. Denne turen tek om lag 15-20 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Hanne Suorza

Vassætra 462 moh

Sykkylven

Dette er ein fin tur som passar for dei fleste, det er fin grusveg heilt opp. Her er eit mindre og eit større vatn som er fint å bade i på varme sommardagar. Når du kjem opp får du ei fantastisk utsikt over fjell, fjord, og øyar ut i havgapet. Denne turen tek om lag 40 min opp og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Vivian Johnsen

Sessvatnet 168 moh

Ikornnes

Dette er eit idyllisk område, og ein fin tur på for store og små. Denne turen tek om lag 45 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

William Holden

Aurenakken 404 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Aurenakken vil du få ei nydeleg utsikt over fjorden og øyar ute i havgapet. Denne turen tek omlag 30-40 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Irene Gjerde

Hovdeåsen 369 moh

Hundeidvik

Hovdeåsen finn du i Hundeidvik, når du kjem opp på toppen vil du verte belønna med ei fantastisk utsikt utover fjorden og øyane ute i havgapet. Denne turen tek omlag 30-60 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Stephen Aure

Tynesfjellet 452 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Tynesfjellet vil du få ei nydeleg utsikt over Sunnmørsalpane i bakkant, fjord og øyar ute i havgapet. Det tek om lag 1-2 t. å gå opp, denne turen kan kategoriserast som ein middels tur.

Velledalen.net

Brunstadkollen 847 moh

Velledalen

Dette er ein fantastisk fin og idyllisk plass, her har det vorte bygd ei turhytte som kan brukast av alle, kontakt Arnt Brunstad på tlf. 92648130 eller Hege Brunstad på tlf. 91310068 dersom det er ønskeleg. Her har du og utgangspunkt for å gå lengre turar i dei majestetiske Sunnmørsalpane. Turen opp tek om lag 1.5 t. opp og kan kategoriserast som ein middels tur.

Christian Aasebø

Stavekollen 637 moh

Ikornnes

Dette er ein flott tur både for vaksne og born, og du får ei spektakulær utsikt over Sykkylvsfjella og fjorden. Denne turen tek om lag 1,5 t og er ein middels krevjande tur.

RuBa

Borgundkollen 782 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Borgundkollen vi du verte belønna med ei fantastisk utsikt. Denne turen tek omlag 1,5-2 t. og kan kategoriserast som ein middels tur.

 RuBa

Roaldshornet 1230 moh

Stranda

Når du kjem opp på Roaldshornet vil du få ei nydeleg utsikt innover mot Storfjorden og mot Stranda. Det tek omlag 3. t å gå opp og den vert kategorisert som ein middels krevjande tur.

Martin Ystenes

Rømerhornet 866 moh

Sykkylven

Dette er ein flott tur som kan anbefalast, det er variert terreng og du får ei fantastisk utsikt over Sykkylven og andre kommunar når du kjem opp på toppen. Her er ingen luftige parti og kan kategoriserast som ein middels krevjande tur og tek omlag 1,5 - 2 t. å gå opp.

Morotur

Sandvikshornet 876 moh

Sykkylven

Sandvikshornet er ein flott tur som kan anbefalast, her er det først grusveg og deretter går det over til fin sti heilt opp, ingen luftige parti, men du får ei spektakulær utsikt utover Sunnmørsalpane, fjordar og øyar ute i havgapet. Denne turen tek omlag 2-3 t. opp og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

Lillian Sætre

Dravlausnykjen 1056 moh

Velledalen

Dette er ein tur som kan anbefalast, her er nokre luftige parti men du vil få ei fantastisk utsikt over Sykkylvsfjella og fjordane. Denne turen tek om lag 3 t. å gå opp og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

Mathias Straumsheim

Trollkyrkja 1233 moh

Velledalen

Når du kjem opp på Trollkyrkja vil du få ei spektakulær utsikt ut over Sunnmørsalpane, den er ansett for å vere ein krevjande tur med mange luftige parti, og det tek om lag 4 t. å gå opp.

Trond Bruarøy

Aurdalsnibba 1126 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Aurdalsnibba vert du belønna med ei spektakulær utsikt over Sunnmørsalpane, fjordar og øyar ute i havgapet. Dette er ein krevjande tur, men ingen luftige parti, so dette kan og vere ein fin tur for aktive born. Denne turen tek om lag 2-3 t opp.

Lars Arild Rokseth

Skopphornet 1226 moh

Ikornnes

På Skopphornet vil du få ei spektakulær utsikt over fjell og fjord. Denne turen tek omlag 2-3 t. ein veg og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

RuBa

Gimsdalstinden 1007 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på toppen av Gimsdalstinden er det ganske luftig, men du får ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane, fjord og øyar ute i havgapet. Dette er ein krevjande tur og det tek om lag 2,5 - 3,5 t. å gå opp.

Fjellglede

Revsdalshornet 1006 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Revsdalshornet vil du få ei fin utsikt over Sunnmørsalpane. Dette er ein krevjande tur og oppstiginga tek om lag 2,5-3,5 t.

Per Magne Drotninghaug

Straumshornet 976 moh

Straumgjerde

Når du kjem opp på Straumshornet vert du belønna med ei fantastisk utsikt over fjell og fjord. Dette er ein krevjande tur med fleire luftige parti, og ein bør vise aktsemd på denne turen, og alltid følgje råsa på baksida av fjellet. Det er anbefalt å ha gode sko, der er parti der stien kan vere noko glatt. Ver observant på at det det kan førekome lause steinar i stien. Denne turen tek om lag 2,5-3,5 t.

Fjellglede

Ytstevasshornet 1330 moh

Velledalen

Når du kjem opp på Ytstevasshornet vil du få ei spektakulær utsikt over Sunnmørsalpane, fjorden og øyane ute i havgapet. Dette er ein ganske krevjande tur og det tek om lag 3-4 t å gå opp.

Morotur.no

Morotur.no er ein turapp der du får gode tips om fine turmål i heile fylket, her er både fotturar, turar på ski, sykkel og kajakk. Målet med appen er å gi innbyggjarane og besøkande lett tilgjengeleg informasjon om flotte naturopplevingar. Turane vert registrert av frivillige turfolk i dei ulike kommunane. Morotur.no har fire ulike fargekodar etter vansklegheitsgrad: grøn=enkel, blå=middels, raud=krevjande, svart=ekstra krevjande. Samle kodar på kvar enkelt tur og legg dei inn på Morotur.no.

For turmål sjå her

Fiskeplassar i elvar/vatn/sjø

I Sykkylven kan du prøve fiskelykka både i elv, vatn og sjø, elva Straumen som ligg i Staumgjerde er kjent for å vere Nord-Europas kortaste lakseelv. 

Straumen

Elva Straumen som er kjent for å vere Nord-Europas kortaste lakseelv finn du i Straumgjerde, den renn frå Fetvatnet og ut i Sykkylvsfjorden. Den største laksen som har vorte fanga i Straumen var på heile 16,5 kg, men dei fleste ligg på rundt 3-6 kg. I området er det laga til ein fin park med både benkar og bord som ein fritt kan nytte. Dersom ein ynskjer å fiske i Staumen må ein kjøpe fiskekort.

Kjøp fiskekort her

Norges Jeger- og Fiskeforbund

Aureelva

Aureelva er kjent for å ha godt fiske i nedbørsrike somrar, det er ei typisk flaumelv og når det er god vannføring i elva kan ein forvente fisk i dei fleste holene. Den er heile 3,5 kilometer og den strekk seg frå Andestadvatnet og ned i Aureosen like ved Sykkylven kyrkje. Fiskesesongen i elva varer frå 01.06-31.08.2022 og er open for fiske mellom kl. 05.00- kl. 23.00.

Eit fiskekort gjeld i ein tidsperiode på 6 timar:
1. tidsperiode: kl. 05.00 - 11.00
2. tidsperiode: kl. 11.00 - 17.00
3. tidsperiode: kl. 17.00 - 23.00

Kjøp fiskekort her

Frank Andersen

Fetvatnet

Fetvatnet er ein populær fiskeplass, her har ein moglegheit for å fiske frå båt eller frå land. 

Fiskereglar i Fetvassdraget

  • Laks og ørret: 15. juni til 31. juli

Ein held fram med kvoter på fiske som i 2021:

  • Maks 2 laks over 1 kilo pr. kort
  • Maks 10 laks over 1 kg pr. fiskar pr. år.
  • For grunneigarar gjeld maks 10 laks over 1 kg. for kvart bruk for sesongen.

Kjøp fiskekort her

IStock

Velledalselva

Velledalselva er velegna for einhandsfiske med flugestang, elles er makk og sluk mest nytta. Fin elv med mykje smålaks, men også fine mellomlaksar.

Kjøp fiskekort her

Per Magne Drotninghaug

Fiske i Sykkylvsfjorden-Storfjorden

I Sykkylvsfjorden-Storfjorden kan du fiske frå båt eller frå land, her er mange gode fiskeplassar. Fleire av fiskeartane kjem i sesongar, du kan få torsk, kveite, lange, brosme, hyse, makrell, sei, lyr, flyndre m.m i fjorden. Ein kan også fiske krabbar heile året, mens hummar kan fiskast med godkjente hummerteiner i eit begrensa tidsrom frå 1. oktober til 31. desember.

Lokalmat

Lokalmat er i vinden som aldri før. I Sykkylven er det fleire tilbydarar av lokalmat som mellom anna Frøysagarden som er kjent for å produsere god laks av ulike typar, Drotninghaug som produserer spekepølser av storfe, vi har og ein nyoppstarta produsent av lokal gin frå Brennevinsgrova.

Frøysagarden

Ramstaddal

Spesialitetane til Frøysagarden er cognacmarinert gravlaks, varmrøykt krydderlaks, og einerøykt laks. Her lagar dei også spekjepølse på gamlemåten, av hjort, villsau og svin. Her får du kjøpt egg frå frie, glade høner, og saueskinn av villsau.

Brennevinsgrova

Straumgjerde

Handverksproduksjon av gin med råstoff og smakar frå Sunnmøre. I Harald Strømmegjerde sitt micro-destilleri kan du få omvising og smake på dei heilt nyutvikla drammane.

Sykkylven kulturskule

Sykkylven kulturskule er ein kommunal kunstskule med musikk, dans, teater og visuell kunst.

Sykkylven kulturskule

Velkommen til Sykkylven kulturskule

Sykkylven kulturskule er ein kommunal kunstskule med musikk, dans, teater og visuell kunst.

Skulen vart oppretta i 1978 og  har i dag 13 lærarar og omlag 250 elevar.  Størsteparten av undervisninga er på Sykkylven kulturhus.

Skulen gir også tilbodet «Blås i skulen» til alle  3.klassingane i grunnskulen.

Du kan søke plass gjennom heile skuleåret, og vi set deg på venteliste til det dukkar opp ein ledig elevplass.

Søknadsskjema her

Stikk UT Sykkylven

Stikk UT er ein felles turklassetrim for alle kommunane som er medlem i Friluftsrådet. Her vil du finne turar i fjell og fjøre, i innland og ved kysten, flate og bratte, lange og korte. Turar som vil passe for alle og ein kvar. Finn kodar og legg dei inn på Stikkut.no eller Morotur.no.

For turmål sjå her

Utsiktspunkt i Sykkylven

I Sykkylven er her mange fine utsiktpunkt og naturkontrastane er større her enn nokon annan stad, med majestetiske tindar, djupe dalar og kvite fossefall.

Straumen utsiktspunkt

Ved elva Straumen er der eit fint utsiktspunkt, her får du god utsikt over dei majestetiske Sunnmørsalpane og Fetvatnet. Her er ein fin rasteplass der du kan nyte naturen og elvesusen rundt deg. Like ved, rett over brua har du tilgang til sandvolleybane, klatrestativ, badeplass og grillplass.

Vinteraktivitetar

I Sykkylven ligg alt til rette for å kunne utforske den vakre naturen og dei majestetiske Sunnmørsalpane, her finn du aktivitetar for ein kvar smak.

Sunnmørsalpane Skiarena

Nysætervegen

På Fjellseter i Sykkylven finn du vårt alpinanlegg i eit naturskjønt område, med eit komplett familietilbod. Skiarenaen har 14 alpintrasear, 35 km med oppkjørte langrennsspor, og flotte områder for snøbrett og leik i snøen. Varmestue, restaurant, skiutleige og 5 heiser. Som en del av den storslåtte naturen på Sunnmøre, byr kanskje Fjellseter på den vakraste og mest tilrettelagte naturopplevinga av dei alle. Her kan du boltre deg i rikt monn av det beste Sunnmøre har å by på!

Fjellturar på ski

Sykkylven

I dei majestetiske Sunnmørsalpane er det fleire fine turar du kan bestige på ski.

Stikk UT turar på ski

Stikk UT! Ski er gratis og passar for dei aller fleste. Finn fram skia og nyt vinteren ute. Turbeskrivelse og på løyper.net finn du løypekart med  informasjon om kor tid løypene sist blei tråkka. 

For turmål sjå her

Arrangement i Sykkylven

Arrangement i Sykkylven

Irsk aften med Vangsgutane 13. april på Sykkylven Kulturhus

Laurdag 13. april kl.21.00 vert det irsk aften med Vangsgutane på Sykkylven Kulturhus. Det er hovudsakeleg folkrock frå Irland og dei britiske øyane som utgjer hovuddelen av repertoaret.

Kjøp billett her

Konsert med Grieg og Chopin - to musikalske brødre 20. april på Sykkylven Kulturhus

Det vert konsert med Grieg og Chopin - to musikalske brødre den 20. april kl. 18.00.

Den polske stjernepianisten Grieg Niemczuk har gjesta oss fleire gongar tidlegare, kvar gong med stor suksess. Denne gongen med Grieg og Chopin på repertoaret.

I første del får publikum anledning til å sammenligne Grieg og Chopins to "Sommerfugl"-nokturner og ikkje minst dansar inspirert av folkemusikk – blant dei Griegs populære norske folkedansar op. 17 og op. 35 samt dei vakraste masurkaene av Chopin.

I andre del får vi høyre dei to musikalske mesterverka: "Sørgemarsj-sonaten" av Chopin og den fantastiske klaversonaten op. 7 av Grieg. Dette vert ein vakker kveld fylt med polsk og norsk musikk uttrykt i Griegs og Chopins musikalske brorskap - formidla av ein av verdas mest fremragande klavervirtuoser.

Kjøp billett her

Ei av Sunnmøre sine koslegaste handlegater

Ei av Sunnmøre sine koslegaste handlegater

Aure sentrum har ei koseleg handlegate med eit godt utval av butikkar, kafear og alt som gjer handelen hyggeleg. 

Velkomen!

Skohjørnet

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen til en triveleg handel hos oss😊

Besøk vår nettside her

Silhuett Sykkylven

Silhuett AS er en trendy klesbutikk midt i sentrum av sykkylven, her kan du handle i rolige og trivelige omgivelser med god service

Opningstider:

Måndag-onsdag: kl. 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkommen innom oss for en hyggelig handel!

Besøk vår nettside her

Frk. Larsen

Er du på utkikk etter elegante, kvardagslige eller tøffe Dameklær er dette butikken for deg. Vi har også ei stor undertøysavdeling.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen!

Besøk vår nettside her

Strømme Klær & Sko

Opningstider:

Måndag-onsdag:10.00 - 17.00

Torsdag-fredag: 10.00 - 18.00

Laurdag:10.00 - 15.00

Har mykje fint i butikken no.

Velkomen innom.

Besøk vår nettside her

Intersport Sykkylven

Opningstider:

Mandag-onsdag: 9-17

Torsdag-fredag: 9-18

Lørdag: 9-15

Sjekk utvalget vårt her

Velkommen til oss for en trygg og hyggelig handel.

Smått & Stort

Stort utval i bruktkle, tilbehør m.m.

Eit nytt strikkeprosjekt? Det finn du og hos oss.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen!

Besøk nettsida vår her 

Asbjørn Loland a.s

Gullsmedbutikk med godt utvalg av smykker, klokker og gåver.

Velkomen til oss.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Besøk vår nettside her

Fotograf P.P Lyshol

Opningstider:

Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10.00-17.00

Torsdag: 10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Besøk vår nettside her

Skin Tonic Sykkylven

Opningstider:

Måndag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Besøk nettsida vår her

Welle Blomster & Gaver

Opningstider:

Mandag - fredag: 10.00-17.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkomen!

Husk at du også kan besøke oss på nettsidene våre www.welleblomster.no og www.inboas.no.

Vitusapotek Sykkylven

Vårt apotek i Sykkylven formidler faglig kunnskap til deg på en trygg og god måte, enten ved å bidra til å lege sykdom, forebygge helseproblemer eller øke personlig velvære.

Opningstider:

Måndag-onsdag: 09:00-17:00

Torsdag-fredag: 09.00-18.00

Laurdag: 10.00-15.00

Velkommen!

Jernia B.S. Aure

Opningstider 🌿

Jernvareavdeling:    

Mandag-onsdag: 07.00-17.00 

Torsdag-fredag:  07.00-18.00

Laurdag:            07.00-15.00

Fargeavdeling:          

Mandag-onsdag: 07.30-17.00

Torsdag-fredag:  07.30-18.00

Laurdag:            09.00-15.00

Kjøkkenavdeling:     

Mandag-onsdag: 10.00-17.00

Torsdag-fredag:  10.00-18.00                      

Laurdag:            10.00-15.00

Kjøkken:  70254013                                                                                                                                                                          Jernvare: 70254010                                                                                                                                                                              Farge:     70254019

Focus Sport

Åpningstider:

Mandag-onsdag: kl. 10.00-17.00

Torsdag-fredag: 10.00-18.00

Lørdag: 10.00-15.00

Kommer du ikke gjennom på telefonen?

Send tekstmelding til:
Power: 92049902
Focussport: 48144398

Mali Profil

Vi holder butikken delvis stengt (sjå oppslag på døra), men du er velkommen til å handle i nettbutikken vår, eller ta gjerne kontakt på tlf. eller mail for en handel eller forespørsel.

Vi har fine gavealternativ og klær og tekstiler for profilering, og vi leverer gjerne heim her i bygda v/behov.

Takk for at du handler lokalt.

Mail: post@maliprofil.no 

Tlf. 90088024

www.maliprofil.no

Sykkylven Kulturhus

Sykkylven kulturhus er heile Sykkylven si storstue, og rommar alt fra kino til konserter, teater, dansearrangement, bryllup og bursdagsfeiring. Hjarteleg velkomen til oss!

Sykkylven Kulturhus

Sykkylven kulturhus er heile Sykkylven si storstue, og rommar alt fra kino til konserter, teater, dansearrangement, bryllup og bursdagsfeiring. Hjarteleg velkomen til oss!

Sykkylven kulturskule

Velkommen til Sykkylven kulturskule

Sykkylven kulturskule er ein kommunal kunstskule med musikk, dans, teater og visuell kunst.

Skulen vart oppretta i 1978 og  har i dag 13 lærarar og omlag 250 elevar.  Størsteparten av undervisninga er på Sykkylven kulturhus.

Skulen gir også tilbodet «Blås i skulen» til alle  3.klassingane i grunnskulen.

Du kan søke plass gjennom heile skuleåret, og vi set deg på venteliste til det dukkar opp ein ledig elevplass.

Søknadsskjema her

Mat og drikke

Kafeer

DIS Kaffebar & Workspace

DIS Kaffebar & Workspace er ein kaffebar med kaffe fra Jacu Brenneri i Ålesund. Dei tilbyr god frukost og lunsj som er enkel å ta med.

Besøk vår nettside her

Sol Café

Nyopna kafé midt i sentrum av Sykkylven. Her finn du god kaffe og noko godt å bite i. 

Sjekk ut vår facebookside her

Velkommen innom! 

Pizzabakeren

Sykkylven

Pizzabakeren i Sykkylven sentrum.

Besøk vår nettside her

Aursnes Kiosk

Sykkylven

Aursnes kiosk finn du ved ferjeleiet på Aursneset. Dei har ein stor og variert meny, og ikkje minst bygdas største kuleisdisk med heile 16 ulike sortar. Her finn du eit hyggeleg lokale kor du kan nyte eit godt måltid. Ein samlingsstad for alle med tilgang til Shuffelboard.

Meny finn du her

Restauranter

Promenaden Mat og Vinhus

Restauranten Promenaden Mat og Vinhus ligg like ved Ekornes Marina. Her ligg alt til rette for ein fantastisk matopplevelse rett ved sjøkanten.

Besøk vår nettside her

Tlf.nr: 476 58 868 

Velkomen skal du vere! 

Restaurant Raus AS

Sykkylven

Restaurant ved småbåthamna i Sykkylven. Ein samlingsstad for lokale og tilreisande. Med fokus på lokal og kortreist matglede, ein stad å ete med familien, ei øl med venar eller ein lunsjprat med kollegaer. Ein ujålete, ekte og triveleg stad midt i Sunnmørsalpane

Besøk vår nettside her

Bella Mi

Sykkylven

Italiensk restaurant og pizzeria i Sykkylven sentrum.

Besøk vår nettside her

Overnatting

Hotell

Aursnes Hotell og Fjordstuer

Aursneset

Aursnes Hotell er eit koseleg bed & breakfast hotell som ligg på Aursnes, ca 3 km frå Sykkylven sentrum. Hotellet har god standard og rom i mange storleikar, alt frå vanlege enkeltrom til små leilegheiter/suiter.

Hytter

Sunnmørsalpane Hytteutleige

Fjellsetra

Sunnmørsalpane Hytteutleige leiger ut 6 leilegheiter på Fjellsetra, plassert vakkert til nært skitrekket rett ved Nysætervatnet, og 4 leilegheiter ved Strandafjellet Skisenter. Totalt 43 sengeplassar på Fjellsetra og 32 sengeplassar på Strandafjellet. I tillegg har dei avtalar med fleire hytteeigarar i området, og kan totalt tilby nærmare 80 sengeplassar til leige i Sunnmørsalpane. 

Sjøbakken Camping

Vik

Sjøbakken Camping er eit godt og rimeleg boalternativ sentralt plassert i hjartet av Sunnmøre. Du finn oss omlag 1,5 kilometer syd for Aure sentrum i Sykkylven kommune.

Aursnes Fjordstuer

Sykkylven Småbåthavn

Fine hytter til utleie ved Sykkylven Småbåthavn, gåavstand til sentrum

Bubil- og campingvognplassar

Ynskjer du å besøke Sykkylven med bubil eller campingvogn.

Fjellsætra

På Fjellsætra i Sykkylven som ligg 20 minutt frå sentrum har dei tilbod om pakering for bubil. I dette området ligg alt til rette for eit fint opphald med naturen rett utanfor døra. 

Sykkylven småbåthamn

På Sykkylven småbåthamn med gåavstand til sentrum har dei 8 bubilplassar, her ligg alt til rette for et koselig opphald ved sjøen. Her er sanitæranlegg med alle fasilitetar, badestrand, grillplass og like i nærleiken finn du Restaurant Raus.

Sjøbakken Camping

Sjøbakken Camping ligg idyllisk til på Vik 1,5 km frå sentrum, her er parkering både for campingvogner og bubilar. 

Småbåthamner/kaianløp

Småbåthamner/kaianløp

I vakre Sykkylven er her fleire plassar ein kan legge til med båt.

Sykkylven Småbåthamn

Ved Sykkylven Småbåthamn er der ca 20 gjesteplasser og 8 bobilplassar. Dei tilbyr eit flott servicebygg med toalett/dusj, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, ferskvatn og straum.  Du har og restaurant like i nærleiken.

Meir informasjon om Sykkylven Småbåthamn

Ekornes Marina

På Ekornes Marina finn du eit flott anlegg med gjestebrygge, bistro, utendørs badeanlegg og butikk rett i nærleiken.

Meir informasjon om Ekornes Marina 

Storfjordterminalen

På kaiområdet i Sykkylven like ved sentrum er det mogeleg for større båtar å legge til. 

I Sentrum av Sykkylven
på Kaitrappa, 39 m betongkai,
dybde frå N (1 1,6)-11,
6-10,6- 12,6-11,6-(11,6)m

Utsrusta med molegheiter
for straumtilkopling.

Vatnforsyning på forespørsel.

Besøk vår nettside her

Tømmerkaia Aursneset

På Aursneset, ligg
Sykkylven Havneterminal
med 44 m betongkai, dybde frå NW (9,7)-9,4-9,7-8,7-(9,0) m

Utsrusta med moglegheiter
for straumtilkopling.

Vatnforsyning på forespørsel.

Besøk våt nettside her

Kai ved Aure sentrum

Ved Haugneset ikkje langt i frå sentrum er det tilgong til å legge frå seg mindre båtar. Kaia er 8 meter lang og djupna er 10 meter.

Opplev Sykkylven vinter 2024

Opplev Sykkylven sommar 2023