Fagrefjellet 466 moh

Sykkylven

Dette er ein tur som passar for alle aldersgrupper, enkel og lett framkommeleg, her er både sti og grussti. Når du kjem opp får du ei spektakulær utsikt over fjell, fjord og øyar ut i havgapet. Denne turen tek om lag 15-20 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

 

Følg vegen mot Ramstaddal, køyr framover Dalevegen til eit kryss som viser Haugsetvegen. Deretter følgjer du skiltet til Statnett, når du kjem opp på flata er der ein parkeringsplass på høgre side av vegen, her startar grusstien. Går du i frå parkeringa oppe ved Statnett er der laga ein fin grussti heile vegen opp. Du kan og velje å parkere lenger nede, der står det eit skilt der naturstien startar på høgre side av vegen, stien er godt synleg heile vegen opp. Det kan av og til vere litt vått sidan der er ein del myr, men med gode sko går det fint.