Møbelmuseet

Sunnmøre har vore eit tyngdepunkt i norsk møbelindustri gjennom hundre år. Møbelmuseet gir deg historia frå handfletta korgmøblar og fram til dagens robotproduserte kvilestolar.

Gjennom 1900-talet har møbelindustrien på Sunnmøre kjempa seg fram i verdstoppen både når det gjeld design og produksjonsteknologi. Møbelmuseet let deg møte menneska, ambisjonane, kreativiteten og gründerkulturen.

Opningstider: Tysdag, onsdag og torsdag kl. 12 – 16. I sommarsesongen og søndagar kl. 12 – 16. Eller etter avtale: Ring +47 902 01 231.

Billett: Vaksne kr 60,-
Born over tre år: kr 30,-

Opningstider og billett gjeld og for Sykkylven Naturmuseum.

Les meir her