Beas grønne oase

Ein av sommarens mange gleder er å kaste stjålne blikk inn i nabohagane: Kunne den buska eller dei staudane passe hjå meg tru? Korleis har dei laga kjøkkenhagen? Nysgjerrigheita og kunnskapstørsten kan du stille i besøkshagen min. Eg slår opp hageporten og byr kjente og ukjente inn til eit hyggeleg hagebesøk i Tusvika/Ikornnes.

Hagen er giftfri, uformell og frodig, uttrykket er behageleg, vilt og vakkert. Her i min hage får alt lov til å vekse fritt, i staden er det vektlagt at stemningar, duftar og små detaljar som skal inspirere. Gå gjerne fleire rundar for å oppdage detaljane. Hagen er stadig i forandring ettersom at alt får vekse fritt, eg har staudar, roser, klematis, rododendron og nyttevekstar. Sidan kortreist mat er so berekraftig og populært dyrkar eg  grønsaker i små pallekarmar og i små drivhus. Frukttre og bærbuskar har og fått sin plass i hagen. Alt av grøntavfall frå hagen kan brytast ned til jord igjen, for der ved å gi næring til nytt liv i hagen. Eg brukar både kald, -varmkompost og Bokashi til å lage mi eiga jord.

I hagen er det og viktig å slappe av og senke skuldrane. Derfor er dei forskjellige ute plassane møblert med minst ein benk eller ein stol, om ein skulle føretrekke sol eller skygge. Tanken bak er at det alltid skal vere ein stad å sette seg ned for å lettare kunne ta inn alle sanseinntrykka som hagen gir. I hagen er der ein dam med fiskar som tiltrekk seg både froskar og andre insekt.

Ring eller send melding for avtale på tlf. 9199589, Beatrice Fleischhack

https://www.facebook.com/beasoase/

Inngang kr. 50 per person

Sesongen varer ut september månad 

Velkomen!