Konsert med Roger Waters klubben på Sykkylven Kulturhus 17. februar

Sykkylven Kulturhus

Laurdag 17. februar kl. 19.00 presenterer Roger Waters-klubben eit heilt nytt konsept på Sykkylven kulturhus: PubRock 24! Dette vert ein kveld med både pub- og konsert-atmosfære på ein gong! Intimt som ein pub og musikalsk storslått som ein konsert!

Kjøp billett her

Velkomen!

Virtuos gitarist

Klubben gler seg hemningslaust til å presentere Ketil Strand – profesjonell gitarist frå Ålesund, som med med fleire tiår som musikar og musikklærar har sett djupe sport etter seg, ikkje berre regionalt på uteljelege rock-prosjekt, men også på YouTube, der hans virtuose gitarspel har generert millionar av visningar. Ketil vil med ei blanding av klassisk rock og eigenkomponert materiale, demonstrere kvifor gitaren i sine mange variantar er ein umisseleg ingrediens i populærmusikken og kulturen vi har vakse opp i!

Skabelon

Seinare på kvelden kjem eit utvida Skabelon på scena for å presenterere The Lockdown Sessions, eit knippe Floyd- og Waters-songar som Roger Waters spelte inn med nye arrangement då pandemien herja USA som verst. Nyinnspelingane har seinare kome ut på plate og hausta fantastiske kritikkar. Vi er svært glade for at vårt eige husband har teke oppfordringa. Dei er alt i gang med innøvinga av materialet, og vil også riste endå nokre rockeperler ut av ermet etter kvart som kvelden går mot natt!

Klubben håper nettopp DU vil tilbringe kvelden saman medan dei. Det vert høve til prat og kos ved småborda som skal riggast opp. Øl, vin og andre drikkevarer vert å få kjøpt i Waters-baren som vert open heile kvelden!