Aktivitetskalender

4. desember

Julemarknad i Sykkylven

Les meir
Sykkylven 04.12.2020, 15.00

Den 4 og 5 desember vil det verte arrangert julemarknad i Sykkylven sentrum. 

Første marknadsdag vert det stander og boder både i Strandgata, Kyrkjevegen og Pilgata. Det vert god julestemning og mange fine produkt. Fredagen har også Sykkylven Handelsforening nattopne butikkar og marknaden vil derfor vere open til 24.00, like lenge som butikkane!!

Andre marknadsdag vert hovedsakeleg i Kyrkjevegen og Pilgata. Då med same gode julestemninga og mange fine produkt.

Vårt fokus vil igjen vere lokale produkt og produsentar. Du finn alt i frå røykelaks, gravlaks, julegodter, honning, smultringar, og julegåver, m.m.

Julemarknaden opnar fredag kl. 15.00.