Sykkel i Sykkylven

Sykkylven

I Sykkylven finn du mange fine alternativ for sykkelturar, i terreng eller langs landeveg. Det er fint for både små og store, for rolege turar eller meir krevjande turar. Du kan kombinere sykkelturen med fjordcruise mellom Magerholm og Aursneset, mellom Hundeidvik og Festøya og over til Solavågen, om du ikkje ønskjer lengre tur over Strandafjellet. Ved Ikornnes kan du vitje eit herleg oppvarma symjebasseng, hjå Berit og Karl på Blakstad Gard kan du ta ein kaffi- og ispause og la barna kose med dyra der, og hjå Kjellbjørn på Cylindra får du oppleve kunstdesign av Noregs framste møbeldesignar Peter Opsvik. I tillegg har du mange gode kafé- og restauranttilbod på Aure, Sykkylven sentrum.

 

Det utviklast fleire nye løyper, men her er nokre smakebitar!

 

Med terrengsykkel:

1. FAGREFJELLET, 6,3 km frå sentrum, blå løype

2. NYSÆTERVATNET, 21,4 km frå sentrum, grøn løype

3. SESSVATNET-HUNDEIDVIK, ca. 10 km blå/raud løype

Her finn du informasjon om fine tilleggsturar rundt Nysætervatnet og rundt Sessvatnet:

Sætrevatnet og Nysætervatnet rundt

* Sessvatna rundt

* Sessvatna rundt med korte innslag av sti

 

Med landevegssykkel:

1. RAMSTADDALEN, 13,5 km frå sentrum

2. VELLEDALEN, 13,8 km. frå sentrum

3. HUNDEIDVIK, 12,2 km frå sentrum. På denne strekninga finn du symjebassenget på Ikornnes, Blakstad Gard, Galleri Cylindra, Hundeidvik arena med klatrehall, squashbane og motorcross.