Hundeidvik aktivitetspark

Hundeidvik aktivitetspark skal vere eit område i naturen fylt med mange spennande aktivitetar som skal inspirere til å bruke naturen i kreativ leik, moro og rekreasjon. Her er også mogleg å kjøpe seg noko godt i kiosken. Prisen pe born er kr. 200, eit årskort kostar kr. 700. Opningsdatoen for den nye parken er 06.06.21. Den vil i første omgang vere open kvar søndag frå kl. 12.00-16.00.

  • Klatrepark for born
  • ATV køyring (frå 6 år)
  • Traktorkøyring (under 6 år)
  • Gullgraverleir

Velkomen!

Hundeidvik vil i år kunne tilby ein heilt ny aktivitespark med mange kjekke aktivitetar. Dei har laga ein utandørs klatrepark for born, med fokus på oppleving og meistring, ein aktivitet som bidreg til god motorikk og meistringsglede. Her er og moglegheit for å køyre ATV på lukka bane. Både i klatreparken og på ATV bana vil det vere personell som hjelper dei besøkande. For dei eventyrlystne er her og ein spennande gullgraverleir, her er også ei eiga bane for traktorkøyring (born under 6 år). Det er eit flott turområde med moglegheit for både turar til fots og på sykkel, gjennom det etablerte nettverket av turvegar og stiar, kjem ein seg både til badeplassar og besøke gamle stølar. Her kan ein og gå på oppdagingsferd i naturen sidan området er rikt på både dyr- og planteliv. Folkeparken har opp til fleire basebygg i form av gapahukar der det er tilrettelagt med både benkar og bålpanner. Ein fin plass for samankomstar med grilling og annan matlaging. For meir informasjon besøk vår nettside: https://www.facebook.com/opplevhundeidvik