Roaldshornet 1230 moh

Stranda

Når du kjem opp på Roaldshornet vil du få ei nydeleg utsikt innover mot Storfjorden og mot Stranda. Det tek omlag 3. t å gå opp og den vert kategorisert som ein middels krevjande tur.

Denne turen startar på grensa mellom Stranda og Sykkylven, parkeringsplassen finn du ved Svartevatnet.

Når du står på parkeringsplassen ved Svartevatnet, med utgangspunkt på austenden kryssar du vegen, og går eit kort stykke på utsida av autovernet. Der vil du finne ein god sti som er godt merka både med vardar og skilting. Når du nesten har kome opp til Langevatnet må du krysse ei elv. Her vil du sjå at stien deler seg i to, du skal følge stien som går rett fram og litt til høgre over elva, og den følg du til du kjem opp til vatnet. Ved vatnet finn du eit skilt merka Roaldshorn, følg vardane dei viser veg, stien er tydeleg.

Referanse: morotur.no