100 års jubileum for møbeldesignar Ingmar Relling

Det er i år 100 år sidan Ingmar Relling vart fødd. Relling er rekna som ein av dei fremste norske designarane gjennom tidene. Gjennombrotet kom med Siesta-stolen (1965) som var nyskapande på fleire område, og som var ein døropnar for norsk møbeleksport.

Siestaen sette Norge på det internasjonale møbelkartet, og er innkjøpt av dei fremste musea i verda. Stolen er framleis i produksjon, hos Hjelle i Sykkylven. Ingmar Relling er rekna som den første designaren som tok industridesign på alvor i fabrikkane sin overgang frå handverk til industri. 

Møbelmuseet i Sykkylven finn det naturleg og ynskjeleg med ei 100-års markering for Ingmar Relling, dels for å heidre Relling sitt minne, men og for å rette søkelyset mot den innsatsen som har vore gjort, og som stadig vert gjort, med å sette Norge på kartet innan internasjonal ferdigvareindustri.