Fjellturar på ski

Sykkylven

I dei majestetiske Sunnmørsalpane er det fleire fine turar du kan bestige på ski.

1. Fausateighornet ligg 794 moh, turen startar på Fausaskiftet på Fjellseter. Dette er ein enkel og fin tur, det tek omlag 1 time å nå toppen.

 

2. Auseskjeret ligg 1203 moh, turen startar på Fausaskiftet på Fjellseter, og er ein av dei populære toppturane du kan bestige i dei fantastiske Sunnmørsalpane, med ei fantastisk utsikt på toppen. Det tek omlag 1,5-2 timar å nå toppen.

 

3. Klovetinden ligg 1350 moh, turen startar på Velle i Velledalen og er ein fin men krevjande tur, den gir ei fantastisk utsikt når du kjem opp på toppen.Det tek omlag 4 timar å nå toppen og det kan vere lurt å ta med øks og stegjern då det er lit klyving opp til varden.