Brennevinsgrova

Straumgjerde

Handverksproduksjon av gin med råstoff og smakar frå Sunnmøre. I Harald Strømmegjerde sitt micro-destilleri kan du få omvising og smake på dei heilt nyutvikla drammane.

Handverksproduksjon av gin med råstoff og smakar frå Sunnmøre. I Harald Strømmegjerde sitt micro-destilleri kan du få omvising og smake på dei heilt nyutvikla drammane. Garden Bakkane 29 ligg i vakre Straumgjerde inst i Sykkylvsfjorden, med utsikt mot Blåbretinden og fjellrekka mellom Sykkylvsfjorden og Hjørundfjorden.

Produksjonen av gin tok til i juli 2019, og Harald vil også utvikle lokale akevittar og whiskydrammar. Oppvarminga av destillleriet og produksjonslokale skjer med biovarme frå gardsvarmeanlegget, og byggmaltet som brukast i produksjonen vert brukt til dyrefor etter meskinga for full utnytting av råstoffa. 

Det friske vatnet kjem frå ei lokal vasskjelde eller grova. Historia seier at grova aldri fraus, og at det krystallklare vatnet som sildra der redda mangt eit reisefølgje langs vegen. Og når vinteren stal vatnet til bygdefolket, var det her dei sløkka tørsten. Grova stend der den dag i dag, og folk kalla ho for brennevinsgrova.