Gravrøyser på Ørsneset

Ørsneset, Sykkylven

På Ørsneset i Sykkylven finn du ei av dei største samlingane av store gravrøyser, funn viser at dei kan vere frå eldre bronsealder (3500 år), men ein kan ikkje utelukke at dei kan vere frå eldre jarnalder (ca 300-550 e.Kr.). I dag er det seks slike gravrøyser i dette området.

Kjelder frå 1800-talet har omtalt dette gravfeltet, det skal opphaveleg ha vore sju store røyser, men i dag er der seks, ei av dei ligg på nordsida av ferjeleiet, dei 5 andre ligg på sørsida. Størrelsen på røysene er mellom 12-20 meter i diameter, ein del av steinane er fjerna frå røysene i gamal tid. Desse gravrøysene er også eit imponerande monument den dag i dag.

I 1937 vart ei av gravrøysene fjerna, den vart undersøkt av arkeologen Per Fett, der fann han ei lita gravkiste som var bygd av steinheller, dette er mest truleg ei grav frå yngre bronsealder, og kan vere omlag rundt 3000 år gamal.

Det fanst neppe ein eigen sjølvstendig gard på Ørsneset for 3000-3500 år sidan. Arkeologane har ein teori om at denne staden truleg vart nytta som gravplass for dei større gardane i sentrum av Sykkylven (Auregarden). Funna syner at det må vere dei mektigaste og viktigaste personane som vart gravlagde på denne staden. Grunnen til at dei valte Ørsneset kan ha vore på grunn av det ligg strategisk til og med god utsikt utover sjøen. Det var vanleg å bygge slike gravrøyser i delar av bronsealderen og jarnalderen, det var vanleg å plassere dei på bergryggar, nes, holmar og strandflatar, dette for at dei skulle vere godt synleg for sjøfarande som kom forbi, og for at den som var gravlagd skulle få god utsikt utover riket som han hadde ferdast i tidlegare. Når det gjeld plasseringa av gravrøysene vert det berre gjettingar på kvifor dei vart plasserte der.