Bronsealderhuset

Funn av pilespissar viser at steinaldermennesket dreiv jakt i dette området for 9000 år sidan. Kanskje er det 3000 - 4000  år sidan dei først sette den primitive plogen i jorda. Dei eldste gardshusa det er funne restar av, er datert til yngre bronsealder, 700 - 600 år før vår tidsrekning. Sidan den gong er det drive aktivt landbruk på denne fruktbare sletta. Gjennom yngre bronsealder, jarnalder, vikingtid, mellomalder og heilt fram til våre dagar.

 

Organisasjonen Aura-Påls vener ønskjer at det skal byggjast ein førhistorisk park for å minne moderne menneske om den lange historia vi er ein del av. Eitt mål er å reise den mektige gildehallen på meir enn 550 kvadratmeter frå perioden 500 – 750 e. vår tidsrekning. Det er eit hundreår eller to før det vi kallar vikingtida. Du ser markeringa av tuftene på bakken nedover mot kyrkja.

For vikingane låg bronsealderen like langt tilbake i historia som vikingtida gjer for oss. Huset du står framfor no, er eit forsøk på å gjenskape eitt av dei fire gardshusa frå yngre bronsealder ein har funne tuftene til. Gjennom stor dugnadsinnsats har ei gruppe dyktige handverkarar og deira hjelparar bygd opp att huset slik ein tenkjer det såg ut for 2500 år sidan.

 Bronsealdermennesket dyrka korn og hadde kveg, sau og hest. Dei hadde lært seg å støype gjenstandar av bronse og dei hadde utvikla vevkunsten. Kvinnene brukte vide skjørt og hadde gjerne oppsett hår, av og til med eit fint hårnett for å halde på frisyren. Menn ser ut til å ha vore glattbarberte og gjekk i kjortlar og vide kapper.

Bronsealdermenneska dyrka den livgjevande sola som ein guddom. Helleristingane viser solsymbol, men også lange slanke skip, hestar, fiskar og oksar. Det var lite våpen i gravene, noko som kan tyde på at dette samfunnet var meir fredeleg og tolerant enn dei som kom seinare. Arkeologane har funne mange fleire rikt utstyrte kvinnegraver enn mannsgraver frå bronsealderen. Dette har fått enkelte forskarar til å meine at kvinnene i denne perioden hadde stor makt og prestisje og kanskje var førande i samfunnet.