Auremarka

Sykkylven

Auremarka i Sykkylven kan vere eit skattekammer for dei historieinteresserte. På Aurefløten i Sykkylven har fornfunna ei dokumentert busetjing på minst 4000 år. 

Dei første funna vart gjort i 1989, det vart blant anna funne kokegroper, stolpehol, ard spor og ulike gjenstandar som reiskapar og liknande. Fleire frivillige har på dugnad gjenskapt eit liknande hus som stod der i middelaldaren. Dei fleste spora frå busetnad på Auremarka er tidfesta innanfor tidsrommet romersk jarnalder og folkevandringstid, ca. 560/570 e.Kr. Funna har kartlagt at det har vore minst 10 hus i dette området. Dei største husa har mest truleg hatt både ein bustaddel og ein fjøsdel. Du kan sjå stolpar som har blitt plassert i tidlegare stolpehol, og det viser eit langhus på heile 56-57 meter langt, og 9-10 meter breitt. Dette er ein av dei største bygningane som er funne i Norge frå førhistorisk tid, planløysinga viser ein treskipa konstruksjon. Det syner at kunnskapane dei hadde om byggjeteknikk allereie då var relativt avansert, og det må ha vore eit velorganisert samfunn der mektige slekter regjerte.

Referanse: Bjørn Ringstad, Aura-Pål sitt rike