Straumshornet 976 moh

Straumgjerde

Når du kjem opp på Straumshornet vert du belønna med ei fantastisk utsikt over fjell og fjord. Dette er ein krevjande tur med fleire luftige parti, og ein bør vise aktsemd på denne turen, og alltid følgje råsa på baksida av fjellet. Det er anbefalt å ha gode sko, der er parti der stien kan vere noko glatt. Ver observant på at det det kan førekome lause steinar i stien. Denne turen tek om lag 2,5-3,5 t.

Turbeskrivelse:

Denne turen kan starte både frå Straumgjerde og frå Blindheim. Vel du å gå frå Straumgjerde, køyrer/går du opp til slutten av byggjefeltet Einane/Bakkane, der er det ein liten parkeringsplass. Der finn du ei grind, følg grusvegen til du kjem opp på flata.

Dersom du vel å køyre/gå frå Blindheim følg du Skålholtvegen (bomveg 40 kr) forbi Per Svein`s plass til du kjem opp til flata, der er det mogelegheit for parkering.

For begge utgangspunkta gå langs vegen, sjå etter ei postkasse, like etter postkassa vil du sjå ein sti som går skrått til venstre, du kjem etter kvart til inngjerda mark, følg stien til høgre for gjerdet. Du fortsette deretter å følge stien over eit myrområde og inn i skogen. Når du kjem opp på ryggen tek du til venstre for hornet og følgjer stien vidare. Når du kjem litt lenger opp i det bratte partiet deler stien seg i to, følg stien på bakre side av fjellet til toppen. Der er nokre plassar ein må klatre litt. Boka og toppvarden vil du finne på to forskjellige plassar, boka finn du langs kanten mot Sykkylven.

Referanse: fjellglede.blogspot.com