Gimsdalstinden 1007 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på toppen av Gimsdalstinden er det ganske luftig, men du får ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane, fjord og øyar ute i havgapet. Dette er ein krevjande tur og det tek om lag 2,5 - 3,5 t. å gå opp.

Følg FV 60, ta av ved krysset til Cirkel K, deretter tek du til høgre og fortsett framover til du kjem til ein ny bensinstasjon (Hydro), ta til venstre før bensinstasjonen og følg Blindheimsvegen til du møter ein bomveg (40 kr). Der er det mogelegheit for parkering. Eller du kan velje å følgje vegen vidare framover Skålholtvegen, då følger du vegen til du kjem fram til ein parkeringsplass ved ei bru.

Følg skogsvegen over brua og vidare til du kjem til ein sti, der fortsette du vidare mot Gimsdalen. Det vert eit sti dele rett før du kjem til elva. Du skal følgje stien til høgre, den skal du følgje ca. 150 m. Her står det to vardar som viser kvar du skal gå vidare (til høgre). Her i frå er stien tydeleg til du kjem opp på toppen. Først er det litt myrlendt område, deretter bjørkeskog og til slutt ur/stein.

Referanse: morotur.no