Aurenakken 404 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Aurenakken vil du få ei nydeleg utsikt over fjorden og øyar ute i havgapet. Denne turen tek omlag 30-40 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

 

Følg FV 60, ta av i krysset ved Cirkel K, ta deretter av til høgre, køyr 50 m og ta til venstre opp Geilevegen. Køyr oppover mot Vikedalen heilt øvst i byggjefeltet til endes (Ormevegen). Her er det tilrettelagt for parkering. Det er og mogeleg å gå frå Skogvegen, der er det grusveg nesten heilt opp, sti siste stykket.

Når du står på parkeringa vil du sjå ei grind, her startar stien. Når du har gått oppover eit stykke deler stien seg i to, du kan anten velje å ta til venstre mot Vikenakken, den vil vere litt brattare på slutten, eller til høgre mot Aurenakken. Denne turen kan og takast som ein rundtur. Stien er godt trakka heilt opp begge vegar, einaste plassen det kan vere litt vanskeleg å finne stien er eit lite stykke i granskogen.