Aurdalsnibba 1126 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Aurdalsnibba vert du belønna med ei spektakulær utsikt over Sunnmørsalpane, fjordar og øyar ute i havgapet. Dette er ein krevjande tur, men ingen luftige parti, so dette kan og vere ein fin tur for aktive born. Denne turen tek om lag 2-3 t opp.

 

Følg vegen mot Ramstaddal, køyr framover Dalevegen til eit kryss som viser Haugsetvegen. Deretter følgjer du skiltet til Statnett. Når du køyrer oppover kjem du til ein bomveg (40 kr) mot Sunndalen, den følgjer du til du kjem til ei lita parkering der finn du eit skilt på høgre side av vegen «Aurdalsnebba».

Stien startar på motsett side av parkeringsplassen. Den første delen er skog med ei nokså bratt oppstigning. Når du kjem ut av skogen er det brattaste partiet unnagjort. Deretter er det jamn stigning oppover. Allereie når du kjem ut av skogen får du ei fin utsikt. Langs stien er det bygd vardar som viser kvar stien er, ein stor del av stien er steinur. Fint og ulendt terreng heile vegen til topps.